Populære sporter
All sport
Vis alt

Glimt hentar endå ein spelar frå 2. divisjon: – Stort sjokk

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 30/08/2023 klokken 10:39 GMT+2

Glimt forstarkar seg på spissplassen med endå ein spelar frå Junkeren.

Oscar Forsmo Kapskarmo. Foto: Rune Larsen, glimt.no

Foto: Other Agency

Onsdag signerte 23-åringen Oscar Forsmo Kapskarmo for Bodø/Glimt.
Det bekreftar klubben i ei pressemelding.
– Det er surrealistisk. Når Runar (daglegleiar, Junkeren) ringte meg i dag og sa at dei hadde akseptert eit bud, trudde eg først det var snakk om nokre andre klubbar, seier Kapskarmo.
23-åringen legg ikkje skjul på at det var ein overraskande beskjed.
– Det var eit stort sjokk.
Kapskarmo har signert ei kontrakt som strekk seg ut 2024.

Henta frå 2. divisjon

Spissen blir henta frå Junkeren, etter å ha scora åtte mål på 14 seriekampar denne sesongen i 2. divisjon.
– Det er ein fantastisk moglegheit for meg, og for å vise fram kvalitetane mine, seier Kapskarmo til den nye klubben.
Dette er Glimts andre signering frå 2. divisjonsklubben dette overgangsvindauget. Tidlegare har klubben signert Stian Kristiansen.
– Eg og Stian har følgt kvarandre heile vegen. Vi trena saman i Glimt i fjor også. Det var eit lite steg opp. Det går litt fortare på Aspmyra enn i Nordlandshallen for å seie det sånn, seier 23-åringen.

Kamp om plassen

På spissplass i Glimt finn ein Faris Pemi Moumbagna og Runar Espejord som begge har mykje speletid i klubben. Det skremmer ikkje 23-åringen.
– Eg trur at alle som signerer for Glimt signerer fordi dei har lyst til å spele. No skal eg først bli betre kjend med gruppa, og etter kvart er det eit mål å spele seg inn på laget, seier han.
Glimt førebur seg no til play off-kamp mot rumenske Spesi torsdag kveld.
Sett denne?
picture

Fikk sjokk etter debuten: – Veldig vanskelig

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame