Populære sporter
All sport
Vis alt

Landslagsdebuterte denne veka – no er han klar for eliteserieklubb

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 23/03/2024 klokken 21:05 GMT+1

To dagar etter sin første landskamp er 21-åringen klar for å spele på det høgste nivået i Noreg.

Tar inn to debutantar i troppen: – Spennande

Då Jan Peder Jalland skulle ta ut U21-troppen til kampane mot Nederland og San Marino, dukka det plutseleg opp eit namn som aldri før har vore med på ei landslagssamling.
Tobias Kvalvågnes Guddal vart tatt ut til troppen, sjølv utan ei einaste aldersbestemt landslagssamling i bagasjen.
Torsdag debuterte 21-åringen med flagget på brystet. To dagar seinare annonserte Tromsø at dei har signert midtstopparen.
Det stadfestar klubben på heimesida si.
– Tobias er ein ung og spennande stoppar. Han er ein perfekt profil for måten vi driv spelarlogistikken vår, seier sportssjef Lars Petter Kræmer-Andersen til klubben.
Guddal har signert ei kontrakt som strekk seg ut sommaren 2028.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

El Niño tilbake på Anfield: Her scorer Torres for Liverpool igjen

Vart overraska

Midtstopparen kjem frå Bryne som speler i 1. divisjon. Der har han levert svært overtydande.
– Første halvdel av sesongen var eg på lån i Levanger og fekk mykje god erfaring. Eg måtte tilbake til Bryne fordi dei hadde nokre skadeproblem på stopparplass, og eg blei kasta litt inn i det. Eg vaks veldig på det, fortalde midtstopparen til Discovery etter landslagsuttaket.
Guddal blei henta tilbake då klubben låg på 13. plass. Med 21-åringen i startellevaren gjorde Bryne kraftige byks oppover på tabellen, og enda til slutt på ein 6. plass.
Sjølv om han har levert varene i klubben, vart han overraska då han vart tatt ut til si første landslagssamling.
– Det var utruleg kult (å få beskjeden). Det kom litt som eit sjokk for meg også, sa Guddal til Discovery.

Skadeproblem

Tromsø møter Brann i serieopninga. Allereie der kan Guddal vere aktuell for ein plass i troppen.
Laurdag måtte nemleg midtstoppar Kent-Are Antonsen av med skade i treningskampen mot HamKam. Han fekk seg ei vriding i kneet.
29-åringen skal ta MR-bilde søndag for å finne ut kor lenge han må vere ute.
Sett denne?
picture

Kommer med ønske: – Må få utnyttet det enda mer

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame