Populære sporter
All sport
Vis alt

Brann-trenar om overgangsplanane: – Litt utfordringar

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 09/08/2023 klokken 19:45 GMT+2

Brann har allereie vore nokså aktive på overgangsmarknaden, men Eirik Horneland fortel at dei kanskje må gjere fleire justeringar.

Eirik Horneland og debutant Magnus Warming etter kampen borte mot HamKam.

Foto: NTB

1. august opna overgangsvindauget i Eliteserien.
Brann har allereie vore aktive der, og både handla og selt spelarar.

Henta tre spelarar

I slutten av mai vart David Møller Wolfe selt til AZ Alkmaar, og månaden etterpå vart det bekrefta at Mathias Rasmussen blei Union Saint-Guilloise-spelar.
Klubben har også fått spelarar inn i stallen. I juli vart det bekrefta at Brann hadde signert Sander Kartum frå Kristiansund og Magnus Warming frå Torino.
Brann har også henta tilbake Moonga Simba frå eit låneopphald i svenske GIF Sundsvall.
– Vi er veldig godt fornøgde med troppen som vi står med no, fortel Brann-trenar Eirik Horneland til Discovery.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Rosar ungtalent: – Har alt som trengs

Kan gjere justeringar

Horneland ser likevel ikkje vekk frå at dei kanskje må ut å handle litt meir.
– Vi har litt utfordringar på stopparposisjon, fortel trenaren.
Han utdjupar at Ruben Kristiansen har hatt eit par månadar med ein betennelse i lysken, og vore utilgjengeleg på grunn av det. I tillegg måtte Japhet Sery Larsen bli heime i Bergen då laget reiste til Hamar, på grunn av skade. Han er heller ikkje med i troppen som reiser til Portugal onsdag. Horneland seier til BA at han ikkje veit kor lenge Larsen kjem til å vere utilgjengeleg.
– Vi må vurdere kor tilgjengelege dei er inn i hausten, og kor mykje vi kan stole på dei, seier trenaren til Discovery.
– Vi må eventuelt gjere justeringar i stopparposisjon, legg Horneland til.

Ut i Europa

Torsdag skal Brann spele mot portugisiske Arouca, før returoppgjeret kjem ei veke seinare. Om dei vinn dei to kampane, står det berre att eitt hinder, før dei kjem til gruppespelet i Conference League.
Discoverys fotballekspert Asbjørn Myhre trur Brann er nøydde til å ta grep om dei kjem så langt.
– Då blir det fleire kampar utover hausten, og då treng dei ein større tropp som dei kan rotere på, seier han.

– Draumedebut

Dei to nye Brann-signeringane fekk prøve seg i bortekampen mot HamKam. Kartum var med frå start, og scora Brann sitt første mål i kampen.
– Det er jo ein draumedebut. Eg mista det litt eigentleg, og hugsar ikkje så mykje av det som skjedde etterpå, fortalde den nye signeringa til BA, etter kampen mot HamKam.
Myhre er einig i at Kartum leverte ein fantastisk debut:
– Han kunne ikkje introdusert seg på ein betre måte. Vanlegvis tar det litt tid før ting er på plass når ein har fylt på med nye folk, men Kartum såg ikkje ut som at han trengte så mykje tid, seier fotballeksperten.
Med sigeren mot HamKam ligg laget frå Bergen på femteplass i Eliteserien, to poeng bak Molde, og seks poeng bak Tromsø på tredjeplass. Lillestrøm ligg like bak Brann, med eitt poeng mindre.
Fått med deg denne?
picture

Europa-drømmen lever for RBK: – Vi er i underholdningsbransjen

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame