Populære sporter
All sport
Vis alt

Klart for skandinavisk duell: – Får sjå kva for ein viking som er sterkast

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 09/02/2024 klokken 17:24 GMT+1

Fredag møter norske Casper Ruud danske Holger Rune i ein tenniskamp som er noko utanom det vanlege.

Blir motivert av skandinavisk duell: – Den kampen publikum vil sjå

  • Følg Casper Ruud og Holger Rune i alle Grand Slam-turneringane på discovery+ og Eurosport sine kanalar gjennom året!
FORNEBU (Discovery):
Casper Ruud og Holger Rune har med tida blitt to ordentlege skandinaviske rivalar.
Dei har møtt kvarandre totalt seks gongar på ATP-touren, der fem av kampane har enda med siger i favør nordmannen. Dansken fekk sin første og einaste siger mot Ruud under Masters 1000-turneringa i Roma i 2023.
Fredag skal dei opp mot kvarandre igjen, denne gongen i Ultimate Showdown Tennis-turneringa (UTS), der reglane er noko heilt anna enn det spelarane er vande med på ATP-touren. I UTS spelar ein blant anna på tid, og det er berre lov med éin serve.

Blir motivert

Rune legg ikkje skjul på at duellen motiverer han.
– Det er ein bra kamp, og den kampen publikum vil sjå. Det gir meg openbart litt ekstra motivasjon å få spele mot Casper i Noreg, så eg gler meg, seier Rune til Discovery.
Ifølge Ruud har det lenge vore snakka om å få til «slaget om Skandinavia» nettopp i Skandinavia i lengre tid.
– Dette blir den første. Det kjem til å bli gøy, og så får vi sjå om dei danske eller norske vikingane som er dei sterkaste, seier Ruud.
Ruud speler så nært heimebane ein får det, berre tre kilometer frå der han vaks opp. Likevel føler han ikkje på presset av å vere heimefavoritt.
– Eg håper berre publikum kan hjelpe meg litt.
Dansken håper derimot at nokon i publikum vil heie litt ekstra på han.
– Noreg er jo veldig nærme Danmark, så eg håper nokre danskar vil kome hit og støtte meg.

Fekk kallenamnet «The Viking»

Under UTS-turneringa opererer spelarane med kallenamn. Ruud blir kalla «The Iceman», medan Rune har fått kallenamnet «The Viking». Sjølv om viking-tradisjonen står både Noreg og Danmark nær, er ikkje Ruud sjalu på namnet til motstandaren.
– Eg fekk faktisk tilbodet om det namnet eg også, men eg takka høfleg nei. Eg veit eigentleg ikkje kvifor, men det skjedde så kjapt då eg bestemte meg. «The Iceman» er greitt det også. Det er mange av spelarane som eg har møtt her som klager på at det er litt vel kaldt i Noreg, så vi får tenke at «The Iceman» får gjere det bra under desse forhalda, seier nordmannen til Discovery.
Rune vil ikkje peike på ein favoritt i førekant av oppgjeret.
– Det er vanskeleg å seie. Eg har ikkje spelt tennis på nokre dagar no, så vi får sjå korleis nivået mitt er.
Førre veke måtte dansken trekke seg frå semifinalen i Open Sud de France med ein skade i høgre olboge. Dermed har ikkje 20-åringen fått trena som normalt.
– Eg føler meg bra no, og har hatt nokre dagar fri før eg kom til Oslo. Eg hadde mi første trening på onsdag, så vi får sjå korleis det går.
Fått med deg denne?
picture

Forklarar kallenamnet: – Det skjedde så kjapt

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame