Populære sporter
All sport
Vis alt

Finaledraumen knust for Ruud: – Var litt einvegskøyring

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 11/02/2024 klokken 14:25 GMT+1

Australiaren Alex de Minaur vart for sterk for Casper Ruud i UTS-turneringa søndag.

Uvand oppleving å spele på heimebane: – Var i mitt favør

  • Følg Casper Ruud i alle Grand Slam-turneringane på discovery+ og Eurosport sine kanalar gjennom året!
FORNEBU (Discovery):
Casper Ruud - Alex de Minaur 0-3
Søndag formiddag møtte Casper Ruud australske Alex de Minaur i semifinalen av UTS-turneringa i Oslo.
Der vart de Minaur for sterk og vann kampen i strake sett.
– Det var vel litt einvegskøyring for de Minaur. Han spelte for bra rett og slett, og eg klarte ikkje hamle opp med det, seier Ruud til Discovery.

Ønska finaleplass

Ruud hamna tidleg under i første sett, og de Minaur vann til slutt 15-9.
– No må eg gjere eit bra comeback, sa Ruud undervegs i kampen.
Comebacket kom ikkje i det følgande settet. Der auka de Minaur sett-leiinga, og vann 17-9. Dermed var Ruud avhengig av å ta neste sett for å halde seg i live i kampen.
de Minaur vann også det tredje sette og sikra sigeren.
Finalen blir spelt søndag ettermiddag. Der vil de Minaur møte Andrej Rublev som vann over Alexander Bublik i semifinalen.
– Eg skulle ønske eg kunne spelt endå ein kamp i finalen, men ikkje denne gongen diverre, seier Ruud.

Uvand oppleving

I UTS-turneringa har nordmannen spelt så nært heimebane ein kan få det, berre rundt tre kilometer frå der han vaks opp. Ifølge 25-åringen har det vore ei fantastisk oppleving.
– Eg har hatt tre fantastiske dagar her på Telenor Arena og spelt framfor norske fans, og nokre utanlandske fans. Det har vore veldig gøy.
Vanlegvis må Ruud møte andre spelarar på deira heimebane. Dermed er han ikkje vand til å ha omtrent heile salen på si side.
– Når eg reiser rundt i verda speler eg mot amerikanarar i USA, italienarar i Italia, eller franskmenn i Frankrike. Då føler ein jo på det motsette. Det er tøft å spele mot heimepublikum nokre gongar, for dei er ganske høglytte, seier Ruud og held fram:
– Her var dei høglytte i midt favør. Det var litt uvandt, men veldig gøy.
Fått med deg denne?
picture

Tar av etter ellevilt slag i maratonkamp: – Fortener ståande applaus

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame