Populære sporter
All sport
Vis alt

Kan bli tennisstjerna sin siste sesong: – Livet er mykje viktigare

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 14/02/2024 klokken 13:23 GMT+1

Den tidlegare verdstrearen legg ikkje skjul på at han kan finne på å setje punktum for karrieren etter årets sesong.

Vurderer karriereslutt: – Livet er openbart viktigare

  • Følg tennisstjernene i alle Grand Slam-turneringane på discovery+ og Eurosport sine kanalar gjennom året!
FORNEBU (Discovery):
Dominic Thiem har vore profesjonell tennisspelar i 13 år, men no kan det nærme seg slutten for den austerrikske tennisspelaren.
30-åringen var rangert som nummer tre i verda i 2020. Etter det har han falle nedover rankinglista.
I fjor avslutta han året som nummer 98. i verda, og året før var han nede på 100. plass. I eit intervju med den austerrikske avisa Der Standard opna Thiem opp om framtida.
– Eg ser på dette som min siste sjanse. Om eg endar året på nummer 100 igjen, så må eg vurdere om alt framleis er verd det.
Under UTS-turneringa i Oslo utdjupa Thiem utsegna.
– Det er det eg følar akkurat no, men eg har alt i mine eigne hender. Om eg speler ein god sesong og avsluttar høgare på rankinga, kjem eg sjølvsagt ikkje til å vurdere alt på nytt, seier Thiem til Discovery.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Erstatta mora med mediebyrå: – Framleis ein kjempestor del av livet mitt

Vil ikkje påverke livet seinare

I 2020 vann Thiem sin første og einaste Grand Slam-tittel under US Open. Tennisspelaren står også med 17 ATP-titlar. Sjølv om han har oppnådd mykje, vil ikkje det vere eit fokus når han vel å leggje racketen på hylla.
– Det vil alltid vere to delar: tennisen og livet. Livet er openbart mykje viktigare. Uansett kva som skjer i tennisen og karrieren min, så vil eg ikkje at det skal ha noko innflytelse på livet mitt etterpå.
Likevel legg ikkje tennisspelaren skjul på at det er fleire ting han vil oppnå i løpet av karrieren.
– Eg håpar sjølvsagt at eg kan nå måla mine, men om ikkje, så må eg også vere fornøgd med livet mitt, og leve det på den beste måten eg kan, seier Thiem.
Thiem skal no ha rundt to veker fri frå turneringsspel, for å prøve å kome så nær sin beste tennis som mogleg.
– Eg har mykje tid på å jobbe meg oppover på rankinga igjen, og det er eit mål. Då treng eg ikkje vurdere noko på slutten av sesongen. Eg håpar jo at det blir slik.

Innhaldsrik start på sesongen

Thiem har hatt ei innhaldsrik start på sesongen. Under ein kvalifiseringskamp i Brisbane International-turneringa tok ein giftig slange seg inn på bana.
– Det har skjedd mykje i år. Slangen var veldig interessant og morosam, fortel tennisspelaren.
Seinare i turneringa spelte Thiem mot Rafael Nadal i det som var Nadal sitt comeback etter å ha vore ute av spel i lang tid.
– Det å spele mot Rafa er alltid spesielt. Eg har spelt to turneringar i år. I den første spelte eg mot Rafa og i den andre spelte eg mot Felix (Auger Aliassime, journ. anm), så det var to veldig tøffe motstandarar.
Fått med deg denne?
picture

Fekk kommentar frå verdsstjerne på Instagram: – Tullar med meg

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame