Casper Ruud vil ha ATP-touren til Noreg: – Hadde vore eit draumescenario

Eurosport på Google

Casper Ruud fekk spele turnering framfor tusenvis av nordmenn. No vil han ha fleire turneringar til heimlandet.

Vil ha fleire turneringar i Noreg: – Hadde vore eit draumescenario

Video credit: Eurosport

FORNEBU (Discovery):
Casper Ruud har lenge hatt eit ønske om å få ei ATP-turnering i Oslo. I helga spelte han og sju andre tennisstjerner UTS-turnering i Oslo, som skil seg litt frå ATP-touren når det kjem til reglar.
Turnering på heimebane gav meirsmak for nordmannen, og han legg ikkje skjul på at det hadde vore kjekt å få ATP-touren til Noreg.
– Det hadde vore eit lite draumescenario. Det er jo mange ting som skal klaffe for at det skal skje, men eg håper absolutt på at tennis kan kome tilbake til Noreg, seier Ruud til Discovery.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Publikum i full jubel etter poeng: – Ein X-faktor

Video credit: Eurosport

Kostar millionar

Under helga tok fleire tusen turen til Telenor Arena for å sjå stjernene konkurrere på tennisbana.
– Dette var ein bra start, og det viser at interessa finst der ute, seier Ruud til Discovery.
Generalsekretær i Noregs Tennisforbund, Aslak Paulsen, meiner UTS har bidratt til å bygge opp ei interesse for framtidige tennisarrangement. Likevel krevst det mykje ressursar for å få til å arrangere ei så stor turnering som ei ATP-turnering.
– For å gjennomføre ei ATP 250-turnering må ein få ein lisens. Den kostar rundt 100 millionar kroner. Så må ein ha eit budsjett på rundt 50 millionar kroner, og selje billettar for rundt 20 millionar kroner. Resten er kommersielle inntekter, fortalde generalsekretæren til TV 2 under UTS.

Baneproblem

Eit anna problem med ATP-turneringane er at det krevst fleire baner, då fleire av kampane går samtidig. UTS-turneringa hadde berre ei.
– Det er akkurat dette vi manglar. Her må det offentlege på bana og bidra til at vi kan vere interessante slik at vi får arrangement til Noreg, seier Paulsen til TV 2.
Den norske tennisstjerna ser ikkje vekk frå at tennisen kan returnere til Telenor Arena, om det blir arrangert ei ny turnering i Noreg.
– Noreg er jo eit kaldt land, så det er jo som regel slik at vi må halde på innandørs i dette landet. Telenor Arena er jo den største arenaen vi har innandørs, seier Ruud.
Fått med deg denne?
picture

Forklarar kallenamnet: – Det skjedde så kjapt

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame