Populære sporter
All sport
Vis alt

Fekk plutseleg beskjed om å steppe inn for verdsstjerna: – Sommarfuglane vakna

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 11/02/2024 klokken 09:11 GMT+1

Nicolai Budkov Kjær fekk prøve seg mot Casper Ruud då Dominic Thiem måtte trekkje seg frå UTS-turneringa.

Her blir Budkov Kjær historisk

  • Følg Casper Ruud i alle Grand Slam-turneringane på discovery+ og Eurosport sine kanalar gjennom året!
Casper Ruud - Nicolai Budkov Kjær 3-0
Etter at Dominic Thiem trakk seg frå UTS-turneringa i Oslo fekk 17 år gamle Nicolai Budkov Kjær sjansen mot landsmann Casper Ruud.
Det var stort for guten frå Bygdøy.
– Det var utruleg kjekt å få beskjeden. Eg har trena og vore med mange av spelarane sidan tysdag denne veka, men sommarfuglane vakna skikkeleg til live då beskjeden kom, seier Budkov Kjær til Discovery.
Tennistalentet gav Ruud ein ordentleg kamp, men til slutt var det tennisveteranen som vann kampen.

Første kamp

Budkov Kjær og Ruud har trena mykje i lag, men dette var deira første offisielle kamp.
– Han har spelt god tennis det siste året. Det er gøy å spele den første kampen mot kvarandre her i Telenor Arena, sa Ruud undervegs i kampen.
Ruud tok det første settet 16-9, men publikum var stort sett på junioren si side.
– Det går fint. Han er yngst og eg skjønnar at folk vil heie på han. Det er gøy å spele mot han, sa 25-åringen.
Budkov Kjær har verkeleg imponert det siste året. Under Australian Open ved starten av året skreiv han norsk tennishistorie heile to gongar i løpet av turneringa. Han var den første nordmannen til å bli seeda så høgt som nummer to i ei junior Grand Slam-turnering, og han vart den første nordmannen til å kvalifisere seg til kvartfinale. Det enda med avansement eit ytterlegare steg.

Var nervøs

17-åringen følte på mykje nervar etter første sett.
– Eg er ikkje vand til å spele framfor 5000 tilskodarar. Eg var ganske nervøs for å vere ærleg.
Dei nervane verka det som han la vekk i neste sett. Han leia i store delar av settet, og fekk til slutt ein setball. Ruud henta seg inn igjen på meisterleg vis og tok det andre settet også.
Budkov Kjær tok også føringa i det tredje settet, men Ruud kraup sakte men sikkert innpå og sikra sigeren.

Andre reglar

Under UTS er det andre reglar enn det er på ATP-touren. Blant anna kan tilskodarane rope og heie undervegs i poenga.
– Det gjorde dei så til dei grader undervegs i kampen vår, så dette var ein særs spennande oppleving. Då ein ropte «heia pappagutane» begynte eg faktisk å le og slo ein servefeil, men det var fantastisk stemning, fortel Budkov Kjær.
Budkov Kjær håper UTS-turneringa kjem tilbake til Oslo.
– Eg håpar verkeleg det blei ein suksess. Det blir spennande å sjå kven av dei som utviklar seg best dei neste 12 månadane.
Ruud har vunne tre av tre kampar, og er klar for semifinale. Den går søndag mot australske Alex de Minaur.
Fleire spelarar har forsvunne undervegs i turneringa. I tillegg til Thiem trakk også Holger Rune seg, medan Gael Monfils vart diskvalifisert.
Fått med deg denne?
picture

Erstatta mora med mediebyrå: – Framleis ein kjempestor del av livet mitt

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame