Populære sporter
All sport
Vis alt

Mysteriet avslørt – diskvalifisert etter bisarr hending

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 10/02/2024 klokken 15:02 GMT+1

Franske Gael Monfils måtte forlate tennisturneringa Ultimate Tennis Showdown (UTS) i Oslo.

Gael Monfils - Tomas Martin Etcheverry - Australian Open høydepunkter

  • Følg tennisstjernene i alle Grand Slam-turneringane på discovery+ og Eurosport sine kanalar gjennom året!
Fredag kveld vart franske Gael Monfils diskvalifisert frå tennisturneringa UTS som blir arrangert i Oslo.
Arrangørane skriv i ei pressemelding at årsaka er oppførselen hans ovanfor ein turneringsleiar. I eit Instagram-innlegg utdjupar arrangøren hendinga.
– I går resulterte ein leik i garderoben mellom Gael Monfils og ein turneringsleiar i ein mindre skade på turneringsleiaren. UTS er 100 prosent nøgd med at det ikkje var vondsinna meint frå Gael, men fordi det vart ein skade påført, følte vi det ikkje var noko anna alternativ enn å diskvalifisere Gael, skriv dei.
Monfils godtok å bli diskvalifisert.
Franskmannen spelte ein kamp mot Alex de Minaur, der han tapte 3-0, før han vart byta ut med franske Lucas Pouille i førekant av kampen mot landsmann Benoit Paire.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Ellevill jubel: – Eit av dei råaste poenga i heile turneringa

Sjokkerte fans

På X/Twitter er mange sjokkerte over hendinga. Tennisspelaren er nemleg kjend for å vise god sportsånd, og få hadde dermed trudd at han skulle bli diskvalifisert frå ei turnering.
– Fortell meg at dette var iscenesett, skriv den anerkjente tennisjournalisten Jose Morgado på X.
Han får støtte frå fleire brukarar.
– Då eg såg at Monfils hadde blitt diskvalifisert frå UTS trudde eg oppriktig at det var eit stunt.
– Heile denne Gael Monfils-greia verker veldig rar, skriv nokon andre.
UTS-turneringa skil seg frå ATP-touren på fleire måtar. Blant anna står det på heimesida til turneringa at det er ein meir leiken atmosfære og meir avslappa reglar rundt oppførsel for både spelarar og publikum.
– Korleis blir du diskvalifisert frå eit sirkus som UTS? Kva gjorde Monfils?, skriv ein brukar.

Møter heimefavoritten

Pouille, som erstattar Monfils, skal spele mot Andrej Rublev laurdag kveld.
Casper Ruud deltar også i UTS-turneringa. Han vann den første kampen sin mot Holger Rune fredag. Laurdag skal nordmannen spele mot Alexander Bublik og Dominic Thiem.
Thiem ser fram mot å få spele mot Ruud på heimebane.
– Eg tipper at det kjem til å vere ei fantastisk atmosfære. Eg gler meg, seier austerrikaren til Discovery.
Fått med deg denne?
picture

Forklarar kallenamnet: – Det skjedde så kjapt

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame