Populære sporter
All sport
Vis alt

Sjokkerte Alcaraz frå start – så slo spanjolen tilbake

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 02/10/2023 klokken 15:45 GMT+2

Casper Ruud opna kvartfinalen med eit pang, men Carlos Alcaraz viste kvifor han er nummer to i verda, og leverte tennis på eit skyhøgt nivå.

Dårlig start for Ruud: – Klarte ikke følge helt med

Carlos Alcaraz - Casper Ruud (6-4, 6-2).
Casper Ruud kom seg til kvartfinalen i China Open etter å ha slått ut Jan-Lennard Struff og Tomas Martin Etcheverry. Men mot Carlos Alcaraz sa det stopp.
– Eg er veldig glad, som slår ein spelar som Casper. Det var ein veldig tøff start. Men eg er glad for at eg fant opningane og løysingane. Det gav meg sjølvtillit, seier Alcaraz i sigersintervjuet.

Sjokkopning

Nordmannen opna settet med å herje med spanjolen. Ruud braut 20-åringen tidleg, og det stod 3-0 på tavla.
Det gjorde at Alcaraz vakna, og spanjolen var klar for å slå hardt tilbake. Han reduserte frå 3-0 til 3-3, før han braut Ruud på nytt, og gjekk opp til 4-3. Ruud viste at han ikkje var ferdig med settet, og tok sitt neste servegame for å halde settet i live. Det var ikkje nok til å halde 20-åringen frå å ta det første settet.
– Uansett korleis denne kampen endar har det vore ordentleg oppløftande å sjå nivået til Casper her, seier Discoverys tenniskommentator Sverre Krogh Sundbø.

Skyhøgt nivå

Nivået blei ikkje noko lågare frå nokon av tennisspelarane i neste sett. Sjølv om ein kunne sjå ein litt meir frustrert Alcaraz, leverte dei ein eventyrleg tennis.
– Det er sjeldan eg seier det, men dette er ganske kjekt å sjå på, til trass for at vår mann er i trøbbel her, seier Sundbø.
Alcaraz braut Ruud tidleg i andre sett, og etter det såg han seg ikkje tilbake. Sjølv om Ruud redda 11 av 15 breakballar, var spanjolen ustoppeleg.
20-åringen trengte berre å serve for oppgjeret i siste game, for å setje ein stoppar på Beijing-opphaldet til Ruud.
Alcaraz møter vinnaren av kampen mellom Jannik Sinner og Grigor Dimitrov i semifinalen tysdag.
Sjå kva Casper Ruud hadde å seie etter sigeren mot Tomas Martin Etcheverry øvst i saka.

Vidare til Shanghai

I førekant av kvartfinalen hadde Ruud og Alcaraz møtt kvarandre tre gongar på ATP-touren. Det spanske stjerneskotet hadde gått av med sigeren i alle oppgjera, og det skulle ikkje lykkast denne gongen heller.
Ruud forblir i Kina, men skal no vidare til Masters 1000-turneringa Shanghai Masters.
Han har «bye» i første runde, og møter vinnaren av kampen mellom tyske Daniel Altmaier (49) og japanske Yoshihito Nishioka (38) i runde to.
Sett denne?
picture

Frekt Ruud-poeng: – Den er rå

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame