Populære sporter
All sport
Vis alt

Slik er Ruuds trekning i Shanghai: – Ganske vemmeleg å møte

Oppdatert 04/10/2023 klokken 07:45 GMT+2

Casper Ruud skal i aksjon i Masters 1000-turnering i Shanghai. Der kan det potensielt bli eit tøft møte frå første kamp.

Dårlig start for Ruud: – Klarte ikke følge helt med

Onsdag startar Masters 1000-turneringa Shanghai Open, der Casper Ruud skal i aksjon.
Ruud har bye i første runde. Deretter ventar vinnaren av kampen mellom tyske Daniel Altmaier (49) og japanske Yoshihito Nishioka (38).
– Tar vi dei første rundane for Casper, så ser det ganske greitt ut. Men han Nishioka er ganske vemmeleg å møte, vurderer Discoverys tenniskommentator Christer Francke.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Frekt Ruud-poeng: – Den er rå

– Ingen dårleg trekning

Om Ruud tar seg vidare frå hans første kamp, kan han møte Yannick Hanfmann (53), Christopher Eubanks (29) eller ein kvalikk-spelar som ikkje er bestemt enno.
Seinare i turneringa kan 24-åringen møte Zhizhen Zhang, som slo Ruud ut av US Open, Daniil Medvedev og Holger Rune.
– Det er jo mange gode spelarar på nedre delen av tablået, med Medvedev og Rune. Så er det ei mogleg tredjerunde mot De Minaur eller Griekspoor. Det er spelarar som kan vere vanskeleg for Casper, seier Francke.
Tenniskommentatoren vurderer at det er ei grei trekning for det norske tennisesset.
– Det er berre gode spelarar som er med i ei slik Masters 1000-turnering, så då er det tøffe tak frå første match. Han må spele bra tennis rett og slett, men det er ingen dårleg trekning for å seie det sånn, seier Francke.
På andre sida av tablået finn ein spelarar som Carlos Alcaraz, Stefanos Tsitsipas og Taylor Fritz, som Ruud kan møte i ein eventuell finale.

Frå Beijing til Shanghai

Måndag skal Snarøya-guten møte Alcaraz i kvartfinalen i China Open. Tar han seg vidare derfrå, ventar anten Grigor Dimitrov eller Jannik Sinner. Finalen går onsdag.
Rett etter China Open er ferdig, set Ruud retning mot Shanghai og Masters 1000-turneringa.
Sjå kva Ruud hadde å seie etter at han slo ut Tomas Martin Etcheverry i China Open øvst i saka.
Der er Ruud avhengig av å levere, for å skaffe seg ein plass til ATP-sluttspelet. I kappløpet til Torino ligg han førebels på ein 10. plass, 410 poeng bak Holger Rune, som for augneblinken ligg an til å ta den siste billetten (8. plass). Rune har slitt med ryggen den siste tida, og har ikkje hatt ei optimal opplading før China Open. Dermed blei det ein kort visitt for dansken, noko som kan gagne Ruud.
Fått med deg denne?
picture

Sjå det ville slaget: Publikum i ekstase etter Rune-magi

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame