Populære sporter
All sport
Vis alt

Uno-X imponerte i storritt

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/04/2024 klokken 16:55 GMT+2

Uno-X prega store delar av storrittet La Flèche Wallonne.

Syklar inn til 6. plass etter imponerande ritt

  • Følg den fjerde etappen av Tour of the Alps torsdag 13:35 på discovery+
Tobias Halland Johannessen låg framme i tet dei siste kilometerane av La Flèche Wallonne. I siste bakken opp velkjente Mur de Huy vart han tom for krefter, og enda til slutt som nummer seks.
– Eg følte at eg hadde gode bein, men det var ei tøff utgåve, og eg var ganske kald, så det var vanskeleg å presse heilt til siste slutt. Vi kan vere veldig stolte av dagen, sa Tobias Halland Johannessen etter målgong.
Uno-X var sentrale i store delar av rittet. Dei henta inn alle som forsøkte seg på eit brot, og hadde fleire framme ved slutten av rittet.
– Det gir mykje motivasjon å sjå at vi var heile laget ved slutten. Eg er veldig stolt av laget.
Syklist Thomas de Gendt var også imponert over det det norsk-danske sykkellaget viste.
– Kva enn Uno-X-gutane hadde til frukost skal eg ha før mitt neste ritt, skreiv han på X.
Stephen Williams vann rittet, etterfølgd av Kevin Vauquelin og Maxim van Gils.
Rittet var prega av mykje regn og låge temperaturar.
– Vi var veldig førebudd på vêret. Vi visste at når det begynte å snø, så kom det berre til å ta ein halvtime før feltet var vekke.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame