Populære sporter
All sport
Vis alt

Nordmann tatt ut til Giro d'Italia

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 29/04/2024 klokken 20:09 GMT+2

Torstein Træen skal også sykle Giro d'Italia.

Torstein Træen frå tida i Uno-X.

Foto: Getty Images

Træen er ein av åtte ryttarar tatt ut til å sykle årets første Grand Tour for Team Bahrain Victorious.
Det stadfestar laget på Instagram.
Det vil vere første gong Træen syklar Giroen.
Nordmannen kom til laget i starten av 2024-sesongen til fordel for Uno-X Mobility, der Træen sykla i sju år.
Tidlegare har norske Tobias Foss blitt tatt ut for INEOS Grenadier.
Team Bahrain Victorious har også tatt ut Phil Bauhaus, Damiano Caruso, Rainer Kepplinger, Andrea Pasqualon, Jasha Sütterlin, Antonio Tiberi og Edoardo Zambanini.
– Vi drøymer om ein pallplass med Antonio eller Damiano, men vi må sjå korleis ting blir kvar dag. Alt kan skje, og vi må vere fokusert frå byrjinga, seier sportsdirektør Gorazd Štangelj i ei pressemelding.
Grand Tour-rittet startar laurdag i Venaria Reale, like utanfor Torino, og blir avslutta 26. mai i Roma. Ryttarane skal leggje bak seg rundt 3400 kilometer på 21 etappar.
Sett denne?
picture

Elleville jubelscenar: – Kunne ikkje førestilt seg det her


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame