Populære sporter
All sport
Vis alt

Går hardt ut mot eige sykkellag: – Skuffa og frustrert

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 29/04/2024 klokken 21:31 GMT+2

Ryttaren tok til Instagram etter vrakinga til Giro d'Italia.

Emanuel Buchmann.

Foto: Getty Images

Bora-Hansgrohe-ryttaren Emanuel Buchmann kritiserte sitt eige lag på Instagram etter at han blei vraka til Giro d'Italia.
– Eg kan ikkje beskrive kor skuffa og frustrert eg er over å ikkje ha blitt tatt ut til Giro d'Italia i år. Heile året var planlagt rundt Giroen, og til og med Bora-Hansgrohe lova meg ein delt kapteinsrolle i samandraget, skriv ryttaren på Instagram.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Elleville jubelscenar: – Kunne ikkje førestilt seg det her

Fekk kontrabeskjed

Tyskaren skriv at treninga gjekk bra, og at han ønska å gjere dei siste førebuingane i Spania få veker før rittstart. Så kom kontrabeskjeden.
– 16 dagar før Giroen startar blei eg ringt med beskjed om at eg ikkje fekk vere med.
I staden har laget valt å satse på colombianske Daniel Martínez i samandraget.
Då laget tok ut dei åtte ryttarane måndag nemnde dei ikkje Buchmann i pressemeldinga.
Buchmann har sykla tolv Grand Tour-ritt. I fjor sykla han både Tour de France og Vuelta a España.

Fleire nordmenn

Grand Tour-rittet startar laurdag i Venaria Reale, like utanfor Torino, og blir avslutta 26. mai i Roma.
Ryttarane skal sykle totalt 3400 kilometer fordelt på 21 etappar.
Fleire nordmenn kjem til å stå på startstreken i Italia på laurdag. Torstein Træen (Bahrain-Victoriou), Tobias Foss (INEOS Grenadiers) og Vegard Stake Laengen (UAE) har alle blitt tatt ut.
Fått med deg denne?
picture

Fekk tøft møte med asfalten: – Den ser veldig vond ut


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame