Populære sporter
All sport
Vis alt

Skrekkvelt i storrittet – laget kjem med oppdatering

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 21/04/2024 klokken 19:55 GMT+2

Movistar Team-ryttaren Carlos Canal Blanco velta stygt i Liège-Bastogne-Liège.

Fekk tøft møte med asfalten: – Den ser veldig vond ut

  • Følg 2. etappe av Tyrkia rundt på discovery+ måndag frå 13:30!
Carlos Canal Blanco fekk eit møte med asfalten då det stod igjen omtrent 70 kilometer av monumentet Liège-Bastogne-Liège søndag. Movistar Team-ryttaren var ikkje merksam nok og køyrde rett inn i ein stolpe på sida av vegen.
TV-bileta viste at Blanco låg på sida av vegen, nærmast urørleg.
Sjå hendinga øvst i saka.
Omtrent to timar etter vinnar Tadej Pogacar sykla inn i mål, kom laget med ei oppdatering på tilstanden til Blanco.
– Han har tatt testar og dei viser verken bein- eller hjerneskadar. Carlos fekk nokre sår og blåmerke på venstre skulder og begge kne, utan andre skadar å rapportere, skriv laget på X.
Laget opplyser at ryttaren kjem til å vere på sjukehus over natta under observasjon, etter vanleg protokoll.
Sett denne?
picture

To ryttarar i stygg velt: – Utruleg trist


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame