Populære sporter
All sport
Vis alt

Kjempeskrell i Giroen: – Mildt sagt overraskande

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 08/05/2024 klokken 21:24 GMT+2

Ryttaren hadde aldri vunne ei Grand Tour-etappe før etappe fem av årets utgåva av Giro d'Italia.

Nordmann gjekk i bakken: – Dårleg timing


Benjamin Thomas gjekk til topps på etappe fem av Giro d'Italia onsdag. Det er hans første Grand Tour-etappesiger.
– Giro d'Italia held fram med å overraske. For ein overraskande triumf, sa Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
Med omtrent 77 kilometer igjen av etappen danna det seg eit brot med fire ryttarar. Der sat Thomas, Michael Valgren, som har ein fjerdeplass frå Tour de France i 2018, og to Grand Tour-debutantar: Enzo Paleni og Andrea Pietrobon.
– Vi gjorde ein utruleg god jobb. Med ti kilometer igjen av etappen visste vi at det ville bli tøft for feltet å ta oss igjen. Eg kan ikkje tru det, sa Thomas i sigersintervjuet.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Her sikrer Kristoff årets første seier

– For ein skrell

Hovudfeltet tok innpå sekund på sekund, men brotet heldt heile vegen inn.
– Det er første ordentlege brotsiger. Vi har fått nokre sigarar frå soloryttarar, men eit skikkeleg brot på denne måten har vi ikkje hatt endå.
Med få meter igjen sat Pietrobon inn ein støyt og fekk nokre meter. Ingen svarte umiddelbart, men så kom angrepet med 200 meter igjen. Det enda med ein spurt der Thomas hadde mest i beina, og han kunne med det ta den første Grand Tour-sigeren i karrieren.
– For eit brotkupp, for ein skrell. Det er mildt sagt overraskande.
Danske Valgren vart nummer to, medan italienske Pietrobon vart nummer tre. Førstnemnde var svært rørt etter andreplassen.
– Det er Giroen, sjølvsagt betyr det mykje. Berre få år tilbake visste eg ikkje om eg hadde ein kontrakt eingong. Eg er takknemleg for at eg framleis kan vere syklist, sa Valgren til Discovery etter målgong.

Foss i bakken

Tobias Foss var involvert i ein velt med 25 kilometer igjen av etappen. Han kom seg opp igjen på sykkelen og sykla vidare. Laget fortalde i etterkant at nordmannen har det fint.
– Han har det bra. Han var litt lei seg i starten, så han treng nok ein arm rundt seg i kveld, men eg tipper det går fint. Han er ein tøff gut, men vi må passe på han litt, sa sportsdirektør Zak Dempster på X.
Sjå hendinga øvst i saka.
– Med to dagar igjen til tempoen er dette dårleg timing, sa Magelssen.
Torstein Træen måtte bryte rittet tysdag etter ein velt på opningsetappen.
Sett denne?
picture

Fekk tøft møte med asfalten: – Den ser veldig vond ut


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame