Populære sporter
All sport
Vis alt

Tre norske ryttarar på startstreken: – Kan bli spennande i samandraget

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 03/05/2024 klokken 21:55 GMT+2

Dei tre norske ryttarane kan vise seg fram i Giro d'Italia på ulikt vis, ifølge Discoverys sykkelkommentatorar.

Slik ser Giro d'Italia-løypa ut i 2024

Tre norske ryttarar skal sykle årets første Grand Tour-ritt: Torstein Træen (Bahrain-Victorious), Tobias Foss (INEOS Grenadiers) og Vegard Stake Laengen (UAE).
– Det er tre ryttarar som alle har interessante aspekt med seg inn, seier Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
Kommentatoren trur at alle ryttarane vil vise seg fram på ulike tidspunkt i løpet av dei 21 etappane, med ulike moglegheiter om å sykle for eigne resultat.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Elleville jubelscenar: – Kunne ikkje førestilt seg det her

Hjelper storfavoritten

Tadej Pogacar er den store favoritten i førekant av Giro d'Italia, og på vegen mot sin første siger i Grand Tour-rittet skal han få hjelp frå norske Stake Laegnen.
– Han har blitt ein våpendragar for Pogacar. Det er nok han ein kjem til å sjå mest. Han skal sitje framme i feltet og taue, og det kjem han til å gjere med bravur. Han blir beskrive som den perfekte hjelperyttaren, fordi han er klink lojal.
Ifølge Magelssen kjem ikkje UAE-ryttaren til å få sykle for eigne resultat.
– Med mindre Pogacar veltar ut av rittet, då.
Foss kan derimot få eigne moglegheiter.
– Han kjem nok inn som ein hjelperyttar i utgangspunktet, og er nok tredjemann i rekka av samanlagtryttarane, bak Geraint Thomas og Thymen Arensman.
Kommentatoren ser ikkje vekk frå at nordmannen kan blande seg inn der. Nyleg vann han opningsetappen i Tour of the Alps. Der hadde han også ei hjelperyttarrolle.
– Eg synest han ser betre ut enn på lenge, medan Arensman ikkje har sett så rå ut i år. Om det skjer noko med Thomas, og Foss er litt jamn, kan det bli spennande i samandraget, men eg trur ikkje det er hovudplanen.
Sjå Foss spurte inn til siger i Tour of the Alps. Saka held fram under videoen.
picture

Her sikrer Foss seieren: – Endelig!

– Grunn til å følgje med

Giro d'Italia er Træen sitt andre Grand Tour-ritt. Han sykla Tour de France med Uno-X i fjor, men der velta han på opningsetappen og knakk olbogen. Han fullførte likevel rittet.
– Han har enno ikkje sykla ein Grand Tour i god form. Han har sett bra ut til no og kome til rette i det nye laget. Eg er spent på korleis det utviklar seg, og det er grunn til å følgje med på han, meiner Magelssen.
Bahrain-Victorious har uttalt at dei syklar for Antonio Tiberi og Damiano Caruso i samandraget, men det kan likevel vere etappar der Træen også får vist seg fram.
– Træen blir ein del av eit sterkt kollektiv i Bahrain Victorious. Tiberi og Caruso er naturlege kort å trekke fram i fjella, men samtidig såg vi korleis Træen sat med då det gjaldt i Tour of the Alps. Eg tipper vi kan få sjå eit offensivt Bahrain-lag som forhåpentlegvis gir Træen eit par moglegheiter, seier sykkelkommentator Andreas Staune-Mittet.
Det stiller Magelssen seg bak.
– Eg håper og trur at han får prøve seg i fjelletappane. Han har tatt nivået veldig fint på dei World Tour-ritta han har sykla, og er ein av Noregs beste klatrarar. I verste fall blir han ein veldig bra hjelperyttar for Tiberi.

Størst sjanse

Ifølge Magelssen vil Foss ha størst sjanse for ein etappesiger på tempoetappene, som er etappe sju og 14.
– Der er det jo sjølvskrive at han får køyre så hardt han kan. Etappe 14 er kanskje der han har størst sjans, då det er ein rask tempo. Etappe 7 er nok Pogacar ein favoritt på, men Foss kan få det til der også. Ingen trudde han skulle bli verdsmeister i tempo heller, men det blei han.
Staune-Mittet meiner Foss må bruke dei moglegheitene han får undervegs, spesielt på etappe 14.
– Det er ei flat etappe, og med tanke på den utviklinga Tobias har vist i INEOS, er eg einig i at det er ei etappe som passar han bra.
Træen er ein klatrar, og vil dermed ha størst sjansar for eigne resultat i fjelletappane.
– Om Bahrain-Victorious syklar offensivt kan alle fjelletappane passe Træen, seier Magelssen.
Fått med deg denne?
picture

Fekk tøft møte med asfalten: – Den ser veldig vond ut


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame