Populære sporter
All sport
Vis alt

Italienar spurtslo konkurrentane – tok den første etappesigeren i Arctic Race

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/08/2023 klokken 18:28 GMT+2

Torsdag gjekk den første etappen av Arctic Race av stabelen. Der var det italienske Alberto Dainese som tok sigeren.

Alberto Dainese.

Foto: Getty Images

Torsdag var det klart for den første etappen av rittet Arctic Race of Norway.
Med litt over 40 kilometer igjen av etappen, danna det seg eit triobrot med norske Johan Ravnøy, australske Fergus Browning og newzealandske Lewis Bower. Bower måtte sleppe seg ned til feltet med 24 kilometer igjen, og like blei dei to siste i brotet henta inn av feltet.
Fleire ryttarar prøvde å rykke frå feltet i løpet av dei siste kilometerane, men det var sørafrikanske Daryl Impey som skulle lukkast. Han fekk nokre sekund på resten av feltet med knappe ti kilometer igjen av etappen, men vart henta inn igjen med berre éin kilometer igjen til mål, og det vart difor ein massespurt.
Etter massespurten var det italienske Alberto Dainese (Team DSM–Firmenich) som kunne løfte henda over hovudet, og sikre seg den første etappesigeren i Arctic Race of Norway.
August Jensen (Human Powered Health) vart beste nordmann. Han fekk sjuandeplass, med Martin Urianstad (Uno-X) like bak.
– Eg synest spurtbeina var ganske bra. Det var ein seig spurt, og eg klarte ikkje heilt å finne flyten, diverre. Elles kunne det blitt betre, sa Jensen til TV 2 etter målgong.
Etappen strakk seg frå Kautokeino til Alta torsdag ettermiddag, og dekte ei strekning på 171 kilometer.
Fredag går andre etappe av rittet. Denne etappen strekk seg frå Alta til Hammerfest, og er 153.4 kilometer lang. Rittet består av totalt fire etappar.
Rittet har blitt arrangert sidan 2013. Då var det Thor Hushovd som gjekk av med sigeren samanlagt. Andreas Leknessund vann rittet i fjor, men måtte trekke seg grunna sjukdom. Han kunne bli den første til å vinne rittet to gongar.
picture

Her sikrer Wærenskjold seieren: – For en maktdemonstrasjon

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame