Populære sporter
All sport
Vis alt

Halland Johannessen spurtslått – hamna rett utanfor pallen

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 19/08/2023 klokken 18:15 GMT+2

Tobias Halland Johannessen vart spurtslått av konkurrentane på den tredje etappen av Arctic Race of Norway.

Tobias Halland Johannessen.

Foto: Getty Images

Ryttarane fekk igjen kjenne på det norske vêret, då dei var i aksjon i den tredje etappen av Arctic Race of Norway.
Etter å ha kjempa seg gjennom 167 kilometer i regn, vind og kalde temperaturar, var det britiske Stephen Williams (Israel-Premier Tech) som kunne juble høgst.
Tobias Halland Johannessen var med i sigerkampen, men hamna rett utanfor pallen.

Tidleg brot

Eit brot med seks ryttarar danna seg tidleg i etappen. Der sat blant anna norske Ulrik Tvedt, Karsten Larsen Feldmann og Anton Stensby. Dei hadde på eit tidspunkt over fire minutt leiing på feltet.
Med 27 kilometer igjen av etappen, fekk Gianmarco Garofoli verkeleg kjenne på dei tøffe forhalda. Han køyrte ut av vegen og rett inn i steinrøysa. Astana-ryttaren fekk raskt medisinsk hjelp, og kom seg opp på beina igjen.
Saka held fram etter videoen.
picture

Køyrde rett inn i steinrøysa: – Å kjære!

To av dei norske ryttarane i front sleit med å halde følge i brotet, og måtte etter kvart sleppe seg ned til feltet, med 14 kilometer igjen av etappen. Då var det berre Anton Stensby igjen av nordmennene, i eit triobrot.
Triobrotet varte ikkje lenge. Med 13 kilometer var nesten heile brotet ete opp av feltet, men belgiske Vincent van Hemelen held fram, og auka leiinga ned til feltet. Då sat feltet for alvor opp farta, og henta inn solobrotet med to kilometer igjen før mål. Det vart ein massespurt for tredje dag på rad, opp den siste bakketoppen.

Siste etappe søndag

Den tredje etappen starta i Hammerfest og avslutta på ein bakketopp i Havøysund.
I dei to føregåande etappane av rittet, har det vore italienarar som har dominert. Alberto Dainese tok sigeren på den første etappen, medan Michele Gazzoli kryssa målstreken først fredag.
Søndag skal ryttarane ut på den siste etappen av rittet. Den går frå Kvalsund til Nordkapp.
Med sigeren laurdag, tok Stephen Williams over samanlagtleiinga. Halland Johannessen ligg ni sekund bak, på ein tredjeplass.
Sett denne?
picture

Tårevåt siger: – Det hadde eg aldri trudd

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame