Tårevåt siger – Halland Johannessen beste nordmann

Det vart ein massespurt i den andre etappen av Arctic Race of Norway.

Tårevåt siger: – Det hadde eg aldri trudd

Video credit: Eurosport

Etter ei våt og kald etappe, var det Michele Gazzoli som kunne juble høgast etter den andre etappen av Arctic Race of Norway.
Med 105 kilometer igjen av etappen, danna det seg eit brot med seks syklistar, deriblant norske Peder Antoni Gravås og Johan Ravnøy. Desse vart henta inn igjen med 42 kilometer igjen, og feltet var samla i knappe ti kilometer, før Uno-X sat inn støyten. I eit vindparti fekk heile fem Uno-X-syklistar ei lita luke i lag med to andre syklistar, men få kilometer seinare vart gruppa på sju henta inn igjen av feltet.
Ingen ryttarar prøvde seg på eit angrep i den resterande delen av etappen, og dei måtte difor spurte om sigeren opp den siste stigninga før målgongen. Der var italienarane og Astana sterkast, der ein tårevåt Gazzoli tok første plass, og Christian Scaroni tok andre plass.
– Eg har jobba hardt for dette i eit heilt år. Det var ein draumesiger, sa Gazzoli til arrangøren.
Gazzoli har vore utestengt i eitt år etter å ha fått i seg ulovlege midlar.
Tobias Halland Johannessen blei beste nordmann på åttande plass.
Den andre etappen av rittet gjekk frå Alta til Hammerfest, og var 153.4 kilometer lang.
Laurdag skal ryttarane sykle frå Hammerfest til Havøysund, ei etappe som strekk seg over 167 kilometer, og inneheld fire stigningar.
Arctic Race of Norway er ferdig søndag. Rittet blir avslutta på Nordkapp.
Ved førre utgåve av rittet var det norske Andreas Leknessund som vann samanlagt, men i år måtte han trekke seg på grunn av sjukdom.
Sett denne?
picture

– Utrolig dårlig timing og ergelig

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame