Populære sporter
All sport
Vis alt

Hovland sin makker er klar – vart bråk i fjor

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 16/03/2024 klokken 13:27 GMT+1

No er det klart kven Viktor Hovland slår ut med laurdag og søndag i The Players.

Ærlig Hovland til Discovery: – Føles ikke lett ut om dagen

  • Sjå The Players laurdag på discovery+ frå 15:00
Viktor Hovland ligg på ein foreløpig 45. plass før den tredje runda av The Players. Nordmannen gjekk gårsdagens runde på -3.
Laurdag ettermiddag annonserte PGA at Hovland slår ut 15:15 i lag med Patrick Cantlay.
Duoen har spelt i lag fleire gonger før, sist gong under AT&T Pebble Beach Pro-Am i februar.
Cantaly har tidlegare fått massiv kritikk for spelestilen sin. Han bruker nemleg svært god tid når han speler. Det skjedde også då Hovland og amerikanaren spelte i lag under The Masters i fjor.
Fleire stjerner og golfjournalister reagerte, inkludert Discoverys golfekspert Marius Thorp.
– Han er jo ein spelar som ofte tar den tida han treng, utan å bry seg om omstenda. At ei runde der ein går i grupper på to og to skal ta rundt fem timar, som det gjorde i går, skal rett og slett ikkje vere mogleg, uttalte Thorp undervegs i The Masters.
Thorp har tidlegare uttalt at Hovland ikkje blir påverka av spelestilen.
– Han har spelt nok med Cantlay til å vite korleis dynamikken er. Eg veit at Viktor ikkje har nokre store problem med Cantlay, så som person går det heilt fint, sa Thorp før Pebble Beach Pro-Am.
Sett denne?
picture

Hovland med klasseslag: – Herlig!

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame