Populære sporter
All sport
Vis alt

Optimistisk Hovland før sluttspelet: – På tide at ein nordmann vinn

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 10/08/2023 klokken 13:45 GMT+2

Ambisjonane er tydelege når Viktor Hovland slår ut i den eine av tre turneringar i FedEx-sluttspelet.

Viktor Hovland før sluttspelet: – På tide ein nordmann vinn

  • Følg Viktor Hovland i St. Jude Championship torsdag frå omtrent klokka 17.15 på discovery+ og Eurosport.no.
Torsdag skal Viktor Hovland i aksjon i St. Jude Championship. Dette er den eine av dei tre turneringane i FedEx-sluttspelet, som markerer avslutninga av PGA-touren 2022/23.
– Det er dei beste spelarane gjennom heile sesongen som speler her, seier Hovland til Discovery.

Mange poeng å hente

Hovland ligg på sjuande plass i FedEx-cupen samanlagt. Sjølv om han ligg godt an, meiner han likevel at det ikkje har noko betyding før spelarane set i gong med sluttspelet.
– Det har nesten ikkje noko å seie kor bra du har spelt heile året. Speler du ikkje bra i dei siste tre turneringane, så vinn ein ikkje.
Om ein vinn ei vanleg PGA-turnering, får ein 500 poeng, medan om ein vinn ein av dei siste, får ein heile 2000 poeng. Hovland har 1795 poeng før sluttspelet, så mykje kan framleis skje under dei tre turneringane.
– Det er veldig mange poeng ein kan vinne i dei siste tre turneringane. Ein må spele bra. Det er dei beste spelarane som kjem til å ha ein sjanse til å kjempe, seier 25-åringen.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Mats Ege sikter mot verdenstoppen

Vil vere første nordmann

Tidlegare er det fem nasjonar som har vunne FedEx-cupen: USA, Fiji, Sverige, Nord-Irland og England. Den norske golfstjerna synes det hadde vore tøft å skrive Noreg inn på den lista.
– Det hadde vore kult. Det har allereie vore éin skandinavar som har vunne, Henrik Stenson, men eg trur det er på tide at nokre nordmenn vinn det også.
– Å skape litt meir norsk golfhistorie - det skader ikkje det, legg Hovland til.
Hovland skal spele i Tennessee denne veka, før han skal vidare til Illinois og BMW Championship veka etterpå. Om alt går etter planen, skal han avslutte sesongen i Georgia på Tour Championship fire dagar seinare.
– Det er tre veldig bra baner vi kjem til å spele på denne veka og neste. I alle fall rettferdige baner. Så lenge ein speler bra, har ein ein sjanse, seier Hovland.
Fått med deg denne?
picture

Hovland bryter ut i latter: – Fikk jo helt sjokk

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame