Populære sporter
All sport
Vis alt

Hovland uttrykker misnøye: – Ikkje ein fan av golfbana

Oppdatert 18/06/2023 klokken 19:05 GMT+2

Etter den tredje runda av U.S. Open, uttrykte Viktor Hovland misnøye rundt golfbana til pressa.

Viktor Hovland under U.S. Open.

Foto: Getty Images

– For å vere ærleg, så er eg ikkje ein veldig stor fan av bana.
Det seier Viktor Hovland til Discovery, etter den tredje runda av U.S. Open.

– Nokre dårlege hòl

Hovland spelte ei solid runde laurdag, og klatra frå ein 19. plass til ein 12. plass.
– Eg trefte mange greener, men klarte ikkje å kome nære nok pinnen, og så putta eg heller ikkje veldig bra. Eg gjorde eit par feil, som på 14 og 9, men utanom det var det ein fin runde. Eg klarte berre aldri å få nokre momentum.
Sjølv om Hovland hadde ei fin runde, uttrykte han misnøye då han møtte pressa etterpå. 25-åringen fortalde at han ikkje er fornøgd med bana.
– Det er nokre bra hull, for all del, men ingenting spesielt. Så er det nokre dårlege hull. Hull 9 er kanskje favoritthòlet mitt her ute.
Ifølgje Sportskeeda, meinte Hovland også at greenen blei fastare på grunn av sola, noko som gjorde nokre hòl tøffe å spele.
Turneringa blir spelt på Los Angeles Country Club, ei bane som golfspelarar som Brooks Koepka og regjerande U.S. Open vinner, Matt Fitzpatrick, heller ikkje er fornøgd med.
– Eg synest berre golfbana er interessant, for å vere høfleg. Det er rett og slett for mange hull der du har blinde tee-slag, og det er for mykje helling. Ikkje min kopp te, sa Fitzpatrick laurdag, ifølgje Golf Digest.

Treng noko spesielt

Søndag skal Hovland spele fjerde og siste runde av turneringa.
– Eg treng noko verkeleg spesielt for å ha ei moglegheit, men med ein god runde i morgon kan eg framleis sikre meg ei veldig god plassering.
Hovland slår ut 22:19 søndag kveld, ein dryg time før leiarane av turneringa.
– Eg antar at eg kan ha ein liten fordel med å gå ut litt før leiarane, så eg må berre prøve å utnytte det.
Fått med deg denne?
picture

Setter en putt på 22 meter (!) for seier på hjemmebane – publikum går av hengslene

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame