Populære sporter
All sport
Vis alt

Hovland med millionpremie – dobla inntekta frå sist sesong

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 20/08/2023 klokken 18:26 GMT+2

Viktor Hovland tente godt av å ende på delt 13. plass i St. Judes Championship.

Viktor Hovland.

Foto: Getty Images

Viktor Hovland var nyleg i aksjon i FedEx St. Jude Championship.
Etter fire rundar enda den norske 25-åringen på ein delt 13. plass totalt.
Det gjorde at han heldt på sjuandeplassen på FedEx-rankinga, samtidig som han fekk ein saftig pengesum i premie.
Prestasjonen i turneringa gav Hovland nemleg ein premie på 386,666 dollar, tilsvarande litt over fire millionar norske kroner i dagens kurs.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Kommentatorene tar av etter ellevill Hovland-birdie

Ny rekord

Turneringa i Tennessee var den første av tre turneringar i FedEx-sluttspelet, som markerer avslutninga av PGA-touren 2022/2023.
I løpet av sesongen har Hovland tent over ti millionar dollar, som vil seie omkring 105 millionar norske kroner. I tillegg har han vunne ein million dollar i uoffisielle premiepengar, etter at han vann Hero World Challenge, som ikkje er ei offisiell PGA-turnering.
Mykje av premiepengane i år kjem frå Hovland sin siger i The Memorial Tournament. Der sikra nordmannen rundt 37,5 millionar norske kroner.
Golfstjerna har vunne meir premiepengar denne sesongen, enn han har i nokon annan sesong i karrieren sin. Førre sesong tente 25-åringen rundt 50 millionar norske kroner i dagens kurs, medan han tente omkring 52,7 millionar kroner sesongen før der. Det var rekorden hans i premiepengar fram til årets sesong.
Rekordinntekta kjem utanom sponsorinntektene. Hovland er blant anna sponsa av PING, J. Lindeberg og klokkemerket Audermars Piguet.

Inntektshopp på vinnaren

Den golfspelaren som tente mest i St Jude Championship var, ikkje overraskande, vinnaren av turneringa, Lucas Glover.
Glover henta heim ein pengepremie på 3,6 millionar dollar, som er rundt 37,7 millionar norske kroner i dagens kurs.
43-åringen har hatt eit ordentleg inntektshopp den siste tida. I løpet av 2022 tente han 1,94 millionar dollar, medan amerikanaren har tent heile 4,06 millionar dollar berre dei siste to vekene.
Sett denne?
picture

Justin Thomas må ha birdie for å sikre plass i sluttspillet - så skjer dette

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame