Populære sporter
All sport
Vis alt

Straffebom felte Noreg i skjebnekamp: – Mykje å jobbe med

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 05/12/2023 klokken 21:39 GMT+1

Noreg var avhengig av siger mot Austerrike for å unngå kvalik eller direkte nedrykk. Slik gjekk det ikkje.

Marit Bratberg Lund under kampen mot Austerrike.

Foto: NTB

Austerrike - Noreg 2-1 (1-0)
Mykje stod på spel då Noreg møtte Austerrike tysdag kveld for den avsluttande kampen i Nations League-gruppespelet. Eit tap ville bety kvalikk, og i verste fall direkte nedrykk til B-nivået i Nations League.
Austerrike gjekk tidleg opp i leiinga, og sjølv med fleire store sjansar og straffe i andre omgang, klarte ikkje Noreg å hente inn leiinga. I sluttminutta auka Austerrike leiinga ytterlegare, men Noreg slo hardt tilbake etter ei scoring frå Karina Sævik. Tida rann ut for Noreg til å skape endå fleire sjansar etter scoringa, og det norske laget måtte dra tomhendt heim frå Austerrike.
Heldigvis for Noreg tapte Portugal mot Frankrike, noko som betyr at Noreg held tredjeplassen i gruppa og unngjekk direkte nedrykk.
– Det har vore eit tøft år med tøffe resultat. Vi har mykje å jobbe med, men vi rykka ikkje ned. Det må vi ta med oss. Samtidig må vi erkjenne at vi har ein veg å gå, sa Ada Hegerberg til TV 2 etter kampslutt.
No må altså Noreg ut i eit dobbeltoppgjer mot gruppetoaren på nivå B våren 2024. Om Noreg vinn det oppgjeret, vil dei halde på plassen sin på nivå A, men om dei tapar må dei ned på nivå B. I praksis vil det å spele på nivå B bety ein mykje lengre veg til eit eventuelt EM.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Er på utgåande kontrakt: – Vanskeleg å forlate gjengen

Styrte omgangen

Austerrike fekk tidleg kontroll på kampen, noko som resulterte i ei tidleg leiing. Heimelaget kom seg forbi på høgresida og Lilli Purtscheller slo eit presist innlegg, som Eileen Campbell forlenga ned i det lengste hjørnet.
Sjølv om det norske laget tidvis hadde nokre sjansar til å utlikne, var det Austerrike som styrte største delen av den første omgangen. Laga gjekk til kvile med 1-0-leiing til heimelaget.
– Vi slit litt i første omgang. Vi klarer ikkje å setje presset, var dommen til landslagstrenar Leif Gunnar Smerud direkte etter kampslutt.
Landslagssjef Leif Gunnar Smerud gjorde tre bytar i pausen, og det var eit norsk lag med ny energi som entra bana.

Bomma på straffe

Fleire av innbytarane bidrog til å blåse liv i kampen, og allereie i dei første speleminutta etter kvilen hadde gjestane skapt fleire sjansar.
Innbytar Celin Bizet Ildhusøy hadde ein spiss vinkel på mål i det 49. speleminutt, men valte likevel å gå på skotet. Skotet gjekk rett i keeper.
Noreg heldt fram med å presse på og skapte sjansar på rekke og rad. Sophie Román Haug, som kom inn for Ada Hegerberg som har slitt med ein skade den siste tida, hadde to hovudavslutningar på mål som ikkje fann nettmaskene, medan Ildhusøy og Bizet hadde to skot som gjekk utanfor mål.
Tida heldt på å renne ut på klokka då det blei dømt straffe til Noreg etter ein hands frå Austerrike. Marit Bratberg Lund stilte seg opp for å ta straffa, men banka den over mål.
Austerrike heldt derimot fram med å presse på, og auka til 2-0 to minutt før ordinærtid var ute.
Tre minutt på overtid lykkast det for Noreg, og Sævik reduserte.

– Har alt å seie

I førekant av kampane mot Portugal og Austerrike la ikkje Hegerberg skjul på at det er viktig for landslaget å halde seg på nivå A.
– Det har alt å seie for framtida til det landslaget her.
Eit eventuelt nedrykk er ikkje noko stjernespelaren har brukt mykje tid på å tenke på.
– Eg har berre tenkt på realiteten vi står i éin gong. Etter det la eg det bak meg.
Sett denne?
picture

Krystallklar: – Vi skal spille i Eliteserien neste år

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame