Populære sporter
All sport
Vis alt

Meiner éin spelar står i vegen for ung dominans: – Vi må prøve å få han ut

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 05/12/2023 klokken 08:31 GMT+1

Holger Rune har blitt omtalt som ein av dei framtidige stjernene, men sjølv meiner han at dei må kvitte seg med den noverande stjerna, før den yngre generasjonen kan ta over.

Rune: – Jeg er rasende

Holger Rune har i fleire gongar blitt omtalt som ein av dei framtidige «tre store», i lag med Jannik Sinner og Carlos Alcaraz, som skal vere etterfølgjarane til stjernene Novak Djokovic, Rafael Nadal og Roger Federer.
Den danske tennisspelaren avslutta 2023-sesongen som nummer åtte i verda, medan Sinner og Alcaraz vart nummer to og fire. Alle tre var også ein del av det gjæve ATP-sluttspelet, der Sinner kom heilt til finalen.

– Må prøve å få han ut

Nyleg opna Rune opp om rivaliseringa mellom dei to unge talenta Sinner og Alcaraz i Jimmy Connors sin podkast «Advantage Connors».
– For sporten er det veldig kult å ha denne rivaliseringa mellom oss tre. Vi hadde generasjonen med Roger, Rafa, Novak og (Andy) Murray, men eg synest det er fantastisk å ha denne gruppa med gutar som kan dominere touren, seier Rune i podkasten.
Sjølv om trioen er omtalt som dei nye store, meiner Rune at dei framleis har ein veg å gå. Djokovic har nemleg verkeleg levert varene i år. 36-åringen enda sesongen som verdseinar og med tre av fire Grand Slam-titlar i boks.
– Vi dominerer ikkje touren no, sidan Novak framleis er der. Vi må prøve å få han ut, seier dansken og ler.

Vil ta over sporten

– Vi diskuterer mykje på podkasten vår at med måten Djokovic, Federer og Nadal har styrt tennisen i rundt 15 år, at det er på tide for den yngre generasjonen å ta over no. Er du einig? spør podkastvert Connors Rune.
– Eg er einig. Men faktum er at Novak framleis vinn tre av fire Grand Slams. Vi kan ikkje berre slå han éin gong, men vi må slå han kvar gong. Om han framleis vinn desse store turneringane, kvifor skal han legge opp? Han kjem ikkje til å stoppe før vi slår han, så jo tidlegare vi kan få opp nivået, jo tidlegare vil vi ta over.
Verdseinaren har spelt profesjonell tennis sidan 2003, og står med heile 97 ATP-sigrar i karrieren. I førekant av ATP-sluttspelet i Torino i november, fortalde han at det ikkje låg i tankane hans å gje seg no.
– Akkurat no speler eg framleis på eit veldig høgt nivå. Så lenge det er slik, og motivasjonen framleis er der, kjem eg til å halde fram med å spele, sa Djokovic.
Sjølv om Djokovic herjar på tennisbana, er dansken klar på at han liker å ha serbaren på touren.
– Novak har ekstremt høg standar, og eg trur det er veldig nyttig for oss unge tennisspelarar å sjå.
Fått med deg denne?
picture

Ladet opp med Ruud: – Føler meg mye bedre

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame