Landslagsplass og cupgull på same helg – var likevel eit skår i gleda
Publisert 30/11/2023 klokken 14:46 GMT+1
Anna Jøsendal hadde ei helg mange fotballspelarar berre kan drøyme om.
Anna Jøsendal.
Foto: NTB
ULLEVAAL (Discovery):
Den siste tida har vore svært innhaldsrik for Anna Jøsendal. Laurdag vann ho cupfinalen med Rosenborg, og dagen etterpå vart ho kalla inn til A-landslaget.
– Det har ei veldig kjekk og fin helg, fortel Jøsendal til Discovery.
22-åringen står allereie med ni landskampar på seniornivå for Noreg, og har både vore ein del av EM-troppen i England og VM-troppen i Australia og New Zealand. Den siste tida har ho vore fast inventar på U23-landslaget.
– Det har vore ei stund sidan sist, så det er veldig kjekt å vere tilbake. Her er det fine folk, god stemning og bra «trøkk» på trening. Eg skal gjere alt for å gjere det bra på trening og hjelpe til på best mogleg vis.
– Stikk i hjartet
Landslagsplassen kom likevel med ein bismak. Ho vart henta inn på laget etter at Mimmi Löfwenius Veum måtte melde forfall. Ho drog på seg ein korsbandskade under cupfinalen mellom Rosenborg og Vålerenga. Smellen kom etter ein duell med nettopp Jøsendal.
Jøsendal forstod med ein gong at det var alvorleg då den svenskfødde spelaren gjekk i bakken.
– Eg høyrte på lyden ho laga at det var veldig vondt. Eg fekk eit skikkeleg stikk i hjartet med ein gong det skjedde, og prøvde å hente inn hjelp så fort som mogleg.
Löfwenius vart send til sjukehus, og tysdag bekrefta Vålerenga at ho er ute i minst eitt år.
– Sjølv om det ikkje var min feil, så får eg ein klump i meg uansett. Det er veldig kjipt og synd for Mimmi og det norske landslaget.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/11/30/3835037.jpg)
Mimmi Löfwenius Veum er ute i ett år etter at hun pådro seg en korsbandskade under cupfinalen.
Foto: NTB
Kåra til årets spelar
Rosenborg gjekk sigrande ut av cupfinalen. Trondheims-Ørn, som var det Rosenborg heitte før namneendringa i 2020, har vore i cupfinalen heile 15 gongar og har løfta trofeet åtte av gongane, men dette var første gongen at laget fekk oppleve det i nyare tid.
– Det var ekstremt kult å vinne cupgullet. Det er noko vi har spelt for i mange år, og endeleg satt den. Det har vore mykje stang ut i det siste, så det var kjekt å få den gulrota på slutten av sesongen.
Men draumehelga stoppa ikkje med cupfinalegull og landslagsplass. Jøsendal vart oppå det heile kåra til årets spelar i Toppserien etter at ho gjekk til topps på NTB-børsen denne sesongen.
– Eg hadde ikkje klart det utan gode lagvenninner som speler meg i gode posisjonar. Det er eg som får den prisen, men eg føler at den er heile laget sin, seier Jøsendal.
Totalt står Rosenborg-stjerna med åtte mål og ni målgivande på 24 kampar for trøndarane.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/11/26/3833058-77894088-2560-1440.jpg)
Dramatisk oppladning for VIF-spilleren: – Det har vært helt forferdelig
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame