Populære sporter
All sport
Vis alt

Hadde eitt mål då ho signerte for klubben – no kan det bli verkelegheit

Oppdatert 25/11/2023 klokken 13:08 GMT+1

Heilt frå første sekund som Rosenborg-spelar har ho vore tydeleg på at ho vil løfte eit trofé for klubben. Slik vart det ikkje ved serieslutt, men på laurdag får Camilla Linberg moglegheita på nytt.

Får ny moglegheit til å løfte trofeet: – No må det skje

Laurdag skal Rosenborg og Vålerenga igjen ut i dyst, denne gongen i cupfinalen på Ullevaal Stadion.
– Ein kan kanskje seie at det er eit høgdepunkt i karrieren. Eg har ikkje spelt ein cupfinale på det nivået før, seier Rosenborg-spelar Camilla Linberg i Discovery-podkasten «Indre Bane».
Laga møtte kvarandre førre helg til årets siste kamp i Toppserien. Då hadde Vålerenga allereie sikra tittelen som seriemeistrar, medan Rosenborg sikra andreplassen i serien etter sigeren.
– Eg trur det blir ein mykje jamnare kamp enn det som blei vist på Lerkendal. Dei er nok revansjesugne, samtidig som vi føler oss fulle av sjølvtillit. Det er cupfinale og nervar, så alt kan skje, seier Linberg.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Fekk landslagsdebuten: – Magisk

Mål om å løfte eit trofé

Linberg kom til Rosenborg i sommar. Då overgangen til den trønderske klubben vart klar, var målet til angrepsspelaren tydeleg:
– Det er ikkje løfta nokre trofear enno i Rosenborg-drakta. Det ønsker eg eg å vere med på å få til, sa ho til klubben då overgangen vart offentleggjort.
Trondheims-Ørn, som var det Rosenborg heitte før namneendringa i 2020, har vore i cupfinalen heile 15 gongar, og har løfta trofeet åtte av gongane. Rosenborg har ikkje opplevd det enno.
– Vi har vore frykteleg nærme, så eg føler at det no må skje, seier Linberg.
Når sesongen er ferdig, skal herrelaget og damelaget til Rosenborg samlast på julebord. Linberg legg ikkje skjul på at det hadde vore godt å kome til julebordet med cuptrofeet.
– Rosenborg som klubb fortener det også. Det er ein stor klubb, og forventa at ein skal løfte nokre såkalla bøtter.

Kom frå Italia

Eigentleg skulle Linberg vere klar for Rosenborg eitt år tidlegare, men ein kneskade førte til at ho ikkje bestod den medisinske testen, og overgangen gjekk i vasken. I staden vart det eitt år i Italia og Serie A.
– Når ein kjem frå ein norsk kultur og ned dit, så er det litt annleis. Fotballkulturen i Italia er slik ein ser for seg, seier Linberg.
I Italia spelte ho for klubben Como, som var eit nyopprykka lag. Klubben hadde henta inn fleire utanlandske spelarar.
– Vi gjorde det ganske bra, og eg ser at dei har heldt fram med å utvikle seg. Det var ein fantastisk flott stad og by.
Høyr heile episoden av Indre Bane her:
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame