Populære sporter
All sport
Vis alt

Opnar opp om trenarsituasjonen: – Ingen plan om å avslutte det

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 10/02/2024 klokken 12:22 GMT+1

Holger Rune har ikkje vore snakkesalig når det kjem til endringane i teamet hans, men éin ting kan han fortelje om framtida.

Erstatta mora med mediebyrå: – Framleis ein kjempestor del av livet mitt

  • Følg Casper Ruud og Holger Rune i alle Grand Slam-turneringane på discovery+ og Eurosport sine kanalar gjennom året!
FORNEBU (Discovery):
Den siste tida har det vore fleire endringar i teamet rundt Holger Rune. Først vart det klart at Severin Lüthi, som var trenar for Roger Federer i ei årrekke, var ferdig som dansken sin trenar etter berre 40 dagar. Ei snau veke etterpå avslutta Rune samarbeidet med tennislegenden Boris Becker.
Rune heldt korta tett til brystet om kvifor han valde å endre så mykje i teamet på så kort tid, men i ei pressemelding gjennom managementbyrået IMG har Rune forklart bakgrunnen til splittinga.
– Eg har store ambisjonar og store mål, og eg treng menneske rundt meg som har same visjon. Og menneske eg kan stole på vil hjelpe meg med å nå måla mine. Eg treng menneske som kjennar meg - som kan vere der heile tida.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Forklarar kallenamnet: – Det skjedde så kjapt

– Hemmeleg

No blir dansken trena av Kenneth Carlsen, og ifølge Rune vil han vere ein del av teamet framover.
– Han er her og det er ingen plan om å avslutte det for å vere ærleg. Eg er veldig fornøgd med å ha han med meg, seier Rune til Discovery.
Rune og Carlsen har kjend kvarandre lenge.
– Vi var i den same klubben i Danmark, og han var Davis Cup-kapteinen også. Han har alltid hjelpt meg, sjølv då eg var 15-16 år. Han er ein flott fyr, og vi har ein god kjemi, forklarar 20-åringen.
Samtidig som Rune annonserte at han var ferdig å samarbeide med Becker, uttalte han at han vil kome med informasjon rundt det endelege trenarteamet hans snart.
– Kva ser du etter i ein trenar?
– Det er hemmeleg, seier Rune med eit smil.

Erstatta mora

Same dag som det vart annonsert at Rune og Becker skil lag, vart det også annonsert at mora til Rune, Aneke Rune, som har fungert som manageren hans, blir erstatta med eit mediebyrå.
– Mamma pleidde å handtere alt, slik at eg kunne fokusere på tennis, og no vil det bli mykje mindre stress for ho. Eg er veldig glad for at eg har fått inn eit byrå som kan ta ulike avgjerder.
Sjølv om mora ikkje lengre vil vere ein del av teamet til dansken, fortel Rune at ho framleis vil vere med å reise rundt på nokre turneringar.
– Nokre gongar vil ho vere med og nokre gongar vil eg spele turneringar med berre teamet der. Ho er ein kjempestor del av livet mitt, så eg vil ha ho der så mykje som mogleg, seier dansken.
Fått med deg denne?
picture

Publikum måper etter «gratismoglegheit»: – Var ope mål og straffespark

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame