Populære sporter
All sport
Vis alt

Bryt med stjernetrenar etter 40 dagar: – Skaper uro

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 31/01/2024 klokken 18:55 GMT+1

Det tok ikkje lang tid før danske Holger Rune valte å legge bort samarbeidet med hans nye trenar.

Holger Rune - Arthur Cazaux - Australian Open høydepunkter

Holger Rune skal ikkje lengre trene med Severin Lüthi.
Rune begynte å trene i lag med Federer sin suksesstrenar i slutten av desember, men berre 40 dagar seinare har samarbeidet tatt slutt.
– Det var ikkje noko dramatikk. Det var berre noko praktiske ting, og kanskje eg hadde ei forventing om at han skulle vere der fleire veker enn han faktisk kunne, seier Rune si mor og manager, Aneke Rune til Ekstra Bladet.

Kort visitt

Lüthi var berre med Rune under to kampar: Ein siger og eit tap i Australian Open.
Det sa stopp for Holger Rune i Australian Open mot franske Arthur Cazaux. Sjå høgdepunkta frå kampen øvst i saka.
– Det var ein kort visitt. Det er trist at det har vore så stor utskifting, og det skaper uro. Det er litt rart at han sluttar etter halvannan månad. Slike ting må vere på plass på førehand, seier Discoverys tenniskommentator Michael Mortensen ifølge danske B.T.
I 2023 var det mykje uro på trenarfronten i Rune sitt team. Etter US Open avslutta han samarbeidet med trenar Patrick Mouratoglou, før han seinare på året avslutta samarbeidet med sin mangeårige trenar Lars Christensen.
picture

Holger Rune og Severin Lüthi under Australian Open.

Foto: Getty Images

Får større rolle

20-åringen sitt trenarteam består no av Boris Becker, i tillegg til at danske Kenneth Carlsen vil få ei fast rolle i teamet. Carlsen trena med Rune fleire periodar i løpet av ungdomstida, og var også til stades under Brisbane International ved starten av året, der Rune tok seg heilt til finalen.
– Med den konstellasjonen får Holger den flyten han ønsker for utvikling og stabilitet. Kenneth har ekstremt god kjennskap til Holger sitt spel og som person, seier Aneke Rune til B.T.
Planen er at begge trenarane skal bli med Rune til dei store turneringane.
Mortensen trur Becker og Carlsen vil fungere bra i lag.
– Dei kjenner kvarandre godt, og er ein betre konstellasjon enn Severin og Boris. No må dei sørge for å utvikle Holger til å vinne Grand Slam-titlar og bli nummer éin i verda.
Sett denne?
picture

Publikum måper etter «gratismoglegheit»: – Var ope mål og straffespark

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame