Populære sporter
All sport
Vis alt

Trur stjernesamarbeidet er det riktige steget: – To kule karakterar

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 01/11/2023 klokken 09:24 GMT+1

Casper Ruud er spent på å følge med på Holger Rune sitt nye samarbeid.

Ruud om Runes nye stjernetrenar: – Kul «match»

  • Følg Casper Ruud mot Francisco Cerundolo onsdag fra cirka kl. 16:30 på, Eurosport Norge, discovery+ og Eurosport.no.
I midten av oktober inngjekk den danske tennisstjerna Holger Rune eit trenarsamarbeid med eit av tennissportens største namn: Boris Becker. Den tidlegare tyske storspelaren var med i apparatet rundt Rune under turneringa i Basel, og er med i Masters 1000-turneringa i Paris, som byrja måndag.
– Eg og Boris har kjent kvarandre i nokre år no, og eg tenkte at han har god erfaring både med si eiga karriere, men også som trenar, fortel Rune til Discovery.
I denne månadens episode av Ruud Talk snakkar Casper Ruud med den tidlegare tennisspelaren Barbara Schett om samarbeidet mellom Rune og Becker.
– Det er ein kul «match», to kule karakterar i lag, seier nordmannen.
Fått med deg denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Hemmelighetsfull Rune røper Becker-grep: – Dere får se

Mykje erfaring

Becker har tidlegare vore rangert som nummer ein i verda, og står med seks Grand Slam-titlar gjennom karrieren sin. Den seinare tida har Becker trena blant anna Novak Djokovic. Ruud trur den lange erfaringa til Becker kan bidra til å gjere Rune til ein betre tennisspelar.
– Boris er nokon som kan ta med seg erfaring som kan hjelpe Holger med å halde seg i kampen. Ja, Holger er ein flott spelar allereie, og han har eit veldig, veldig stort potensiale, men han er framleis ung. Kanskje det han manglar mest no, og gjennom karrieren, er noko erfaring frå nokon som har gjort bra ting i mange, mange år, som Boris.
– Eg veit ikkje kvifor Holger sa at det var det rette for han, men sett utanfrå så kan det vere ein av grunnane, legg Snarøya-guten til.
Etter kvartfinaletapet i Wimbledon mot Carlos Alcaraz har Rune slitt stort på tennisbana. Ti tap på dei siste elleve kampane var fasit for dansken, før han entra turneringa i Basel med sin nye trenar. Allereie der kunne ein sjå resultat frå samarbeidet.
– Eg trur det har fungert ganske bra for han, for i Basel kom han til ein semifinale. Eg trur det blir ein kul «match» å sjå nærare på i tida som kjem, seier Ruud.

Stjernetrenar på laget

Rune har i ei årrekke blitt trena av danske Lars Christensen. I slutten av 2022-sesongen vart også stjernetrenaren Patrick Mouratoglou ein del av laget, men samarbeidet tok slutt etter årets US Open. I likskap med Becker, har Mouratoglou åresvis med erfaring som tennistrenar, og har trena fleire store namn.
– Holger har hatt hjelp frå Patrick før, og no har han gått vidare til Boris, så han leiter openbart etter erfaring og bra «coaching», seier nordmannen.
Becker skal i første omgang trene det danske stjerneskotet ut turneringa i Paris og eventuelt i ATP-sluttspelet i Torino, dersom han klarer å kvalifisere seg dit. Akkurat no ligg Rune på 8. plass, som vil seie at han har den siste kvalifiseringsplassen.
– Etter det vil vi setje oss ned og tenke på om turneringane var vellykka, om han likte det, og om eg likte det. Vi vil avgjere om samarbeidet har ei framtid og om vi skal gå inn i 2024 saman - eller om det var ei god oppleving og vi går kvar til vårt. Det er ingen vits å signere ein toårskontrakt no når ein berre har samarbeida i ei veke, sa Becker til Eurosport Tyskland i podkasten «Das Gelbe vom Ball», då det vart klart at han skulle trene Rune.
Sjå heile episoden av Ruud-talk her:
picture

Vidunderslag, tisserutine og antidoping – se ny episode av Ruud Talk

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame