Populære sporter
All sport
Vis alt

Avsluttar samarbeidet: – Har vore trenarkaos

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 31/08/2023 klokken 21:28 GMT+2

Patrick Mouratoglou held ikkje fram som trenaren til Holger Rune.

Holger Rune og Patrick Mouratoglou.

Foto: Getty Images

Holger Rune har avslutta samarbeidet med den franske stjernetrenaren Patrick Mouratoglou. Det bekreftar mora hans og manageren, Aneke Rune, ovanfor det danske nyheitsbyrået Ritzau.
– Holger kjem ikkje til å bruke Patrick, det kan eg bekrefte. Men Holger er naturlegvis framleis ein del av akademiet. Kva meir som skjer på trenarfronten for Holger kan eg ikkje seie enno, seier Aneke Rune.
Rune har det siste året byta mellom Mouratoglou og Lars Christensen som trenar. Etter US Open opna laget opp om at samarbeidet ikkje fungerte, og at Rune skulle ta grep når det kom til trenarsituasjonen.
20-åringen har trena med Christensen sidan han var liten, og mora har vore tydeleg på at ho oppfordra sonen om å halde fram med det.
– Lars må ha lyst til å fullføre arbeidet sitt: Føre Holger til førsteplass i verda, og vinne Grand Slam. Det var målet. Det at det har vore litt trenarkaos i år endrar nok ikkje på det, trur eg.
Sett denne?
picture

Irritert Ruud med dommerkjeft: – Du gir faen

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame