Populære sporter
All sport
Vis alt

Spelte éin kamp – fekk millionbetaling

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 25/09/2023 klokken 15:18 GMT+2

Den eine kampen Casper Ruud spelte under årets Laver Cup, var svært godt betalt.

Casper Ruud.

Foto: Getty Images

Under årets Laver Cup utklassa Team World det europeiske laget. Team Europe stakk av med to poeng i det eine oppgjeret, og dei var det Casper Ruud som stod for.
Verdslaget vann dei andre åtte oppgjera, og sikra med det 13 poeng. I Laver Cup er det første lag til 13 poeng, og det blir gitt eitt poeng for siger første dagen, to poeng andre dagen og tre poeng tredje dagen.
Ettersom Team World nådde 13 poeng før Ruud skulle møte amerikanske Taylor Fritz, enda nordmannen opp med å berre spele éin kamp i turneringa.
Det vart likevel utbetalt ein god lønnsslipp til Snarøya-guten.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Ruud etter stjernemøte: – Som et barn i en lekebutikk

Millionbetaling

Den totale premiepotten for Laver Cup er 2,25 millionar dollar. Dette skal delast på alle tolv spelarane, men vinnarlaget får dobbelt så mykje som taparlaget.
Ruud og lagkameratane skal ha fått ein premie på 125.000 dollar kvar, tilsvarande rundt 1,3 millionar norske kroner i dagens kurs.
I tillegg fekk tennisspelarane ekstra betalt for å delta i turneringa, basert på verdsrangeringa deira.

Reiser til Asia

Laver Cup blei speilt i Vancouver i Canada. Når turneringa no er ferdig, skal 24-åringen reise austover, og delta i ei rekke turneringar i Asia.
Det heile opnar med ATP 500-turneringen China Open i Beijing frå torsdag, før Masters 1000-turneringa i Shanghai står for tur. Ruud avsluttar med ATP 500-turneringa Japan Open i Tokyo, før han setter seg på flyet tilbake til Europa igjen.
– Det blir ein månad der borte i austen. Det er eit par turneringar eg aldri har spelt før, som eg håper eg kan gjere det bra i, sa Ruud til Discovery tidlegare i september.
Fått med deg denne?
picture

Legenden røper ønske: – Jeg er åpen for tanken

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame