Populære sporter
All sport
Vis alt

Var Europas einaste lysglimt: – Mykje følelsar inovlvert

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 26/09/2023 klokken 22:52 GMT+2

Under årets Laver Cup var Casper Ruud den einaste som henta heim poeng til Team Europe. Det tenker ikkje hovudpersonen sjølv så mykje på.

Ruud etter stjernemøte: – Som et barn i en lekebutikk

Førre helg var Casper Ruud i aksjon i Laver Cup. Der var han del av Team Europa, som møtte Team World over tre dagar. Team World gjekk av med sigeren i turneringa, 13-2.
– Det var eit skuffande tap for Europa denne gongen, men det var mange jamne kampar. Team World var suverene på å ta dei aller viktigaste poenga, seier Ruud i eit intervju med ATP.
– Dei fortente sigeren, men det gjer oss berre ekstra svoltne til å prøve å vinne igjen neste år, legg den norske tennisspelaren til.
Ruud fortel at Laver Cup er ei lang helg med mykje følelsar involvert.
– Ein er så gira og vil at lage gjer det bra, og så skal ein samtidig spele sjølv og må førebu seg på tøffe matchar. Så er det klart at det er litt ekstra press når ein speler match der ute.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Sikret Laver Cup-seieren – feiret på spektakulært vis

Einaste lysglimt

Snarøya-guten var den einaste frå Team Europe som vann ein kamp. At han var den einaste som sikra poeng for laget, ser han ikkje på som viktig.
– Eg vil ikkje seie at det er noko eg ser på som noko pluss for min del. Det er for laget, og kvart poeng ein tar er for lagets del. Det er ingen heltar eller syndebukkar, men vi vinn og taper som eit lag.
Etter kampen sa Ruud i sigersintervjuet at det ikkje var langt unna hans beste kamp i år.
– Eg er fornøgd med kampen eg spelte. Eg spelte ein bra tennismatch, og eg tar det med meg vidare no når vi drar til Asia, seier han.
Sjå kva Casper Ruud hadde å seie om Laver Cup-opplevinga i 2022 øvst i saka.

Tredje turnering

Årets Laver Cup var Ruud sin tredje deltaking i turneringa. Sjølv meiner han at alle gongane har sin sjarm.
– No har eg spelt to gongar borte, og ein gang på heimebane i Europa, og det er klart at det er ekstra gøy å spele på europeisk bane.
Fjorårets utgåve av turneringa vart heldt i London. Den gong var nordmannen på lag med blant anna Novak Djokovic, Rafael Nadal og Roger Federer. Det var i tillegg Federer sin siste offisielle tenniskamp i karrieren.
– I fjor var det heilt ekstremt. Den var ein heilt sjuk oppleving å vere med på, seier Ruud.
Ruud trekk fram éin ting som han likte spesielt godt med årets turnering.
– Det er gøy å vere eit ungt lag. Vi har det mykje gøy saman, og kan tulle og tøyse. Ein kjenner kvarandre litt betre etter veka som har vore, så eg set pris på å få vere med denne unge gjengen som vi har vore.
picture

Casper Ruud i lag med Team World under Laver Cup.

Foto: Getty Images

Asia neste

Det neste på planen til Ruud er fleire turneringar i Asia. Den første er China Open som startar torsdag.
I Beijing møter nordmannen tøff motstand. Han skal først ut mot tyske Jan-Lennard Struff. Dersom han startar turneringa bra, er han i rute til eit kvartfinalemøte med verdseinar Carlos Alcaraz.
  • Les meir om trekninga til Ruud her.
Etter turneringa i Beijing , skal Ruud i aksjon i Masters 1000-turneringa i Shanghai.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame