Populære sporter
All sport
Vis alt

Trur Ruud-siger gir ketchupeffekt: – Kan vinne Roland Garros

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 21/04/2024 klokken 22:26 GMT+2

Søndag kveld tok Casper Ruud den største tittelen så langt i karrieren. Discoverys tenniskommentator Svein-Espen Lindås Olsen trur det berre er starten.

Slik har du aldri sett stjernene før

  • Følg Casper Ruud og de andre tennisstjernene i Roland-Garros på Eurosport.no
Casper Ruud vann i strake sett over Stefanos Tsitsipas i Barcelona Open og sikra med det ein siger i ei ATP 500-turnering. Nordmannen har aldri vunne ei så stor turnering før.
Discoverys tenniskommentator Svein-Espen Lindås Olsen vart svært imponert over det han såg av Ruud undervegs i kampen, spesielt med tanke på at han fekk den verst tenkelege starten på kampen ved å bli brote i første game.
– Då er det lett å få seg ein på trynet. Eg er imponert av at han held hovudet kaldt, og bryt tilbake. Då han først gjekk opp til 6-5 var det ikkje tvil om at han var best, seier Lindås Olsen.
Ruud har vore i sju finalar over ATP 250-nivået, men har aldri lykkast i dei før no. Kommentatoren trur det er ein spesiell grunn til at sigeren kom akkurat denne gongen.
– Det kjem nok litt av at han har hatt så mykje finaleerfaring. Han veit kor nære han har vore. Det var akkurat som at han ikkje ville tape ein finale til.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Publikum måper etter «gratismoglegheit»: – Var ope mål og straffespark

Årets kamp

Undervegs i finalen kommenterte TV 2-kommentator Sverre Krogh Sundbø at Ruud ikkje har spelt ein gruskamp så langt i sesongen på det nivået som han leverte søndag kveld.
– Eg er villig til å kalle dette årets beste tenniskamp frå Casper. Han har gjort det meste riktig.
Det stiller Lindås Olsen seg bak.
– Dette var høgt nivå og ein kanonmatch frå Casper. Ein ser tydeleg den jobben han har gjort med å prøve å spele meir offensivt, som han ville gjere denne sesongen. Ein ser også at fysikken hans er bra. Han toler å springe, og då blir han vanskelegare å spele ut.
Dermed kan framtidsutsiktene for sesongen sjå ganske så gode ut for nordmannen, ifølge Lindås Olsen.
– Casper er i kanonform. Det er berre å glede seg.

Kan fort bli fleire titlar

25-åringen står no med 11 titlar, og kommentatoren trur ikkje denne tittelen vil bli den siste:
– Det er viktig å bryte den 250-barrieren og få ein større tittel. Det kan fort vere ketchup-effekten som gjer at han vinn ein Masters 1000-turnering eller Roland Garros, seier han og held fram:
Roland Garros er berre ein månad unna, og Lindås Olsen er ikkje framand for at den første Grand Slam-tittelen kan kome allereie då.
– Eg gjekk ut tidleg i år og sa han kom til å vinne Roland Garros. Det er litt tøft å seie, men no har han vore i fleire finalar og speler betre allereie, så kvifor ikkje?
Fått med deg denne?
picture

Dette motiverer Ruud inn i ein ny sesong


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame