Populære sporter
All sport
Vis alt

Stenberg med sterk prestasjon etter dramatisk runde – kan bli historisk

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 10/11/2023 klokken 23:51 GMT+1

Fredag var Anita Stenberg i aksjon i den fjerde av fem runder i UCI Track Champions League. Der leverte ho endå ein sterk prestajson.

Klinka inn ny topplassering: – I ein fantastisk posisjon

  • Følg Anita Yvonne Stenberg i den store finalen av UCI Track Champions League laurdag frå kl. 18:30 på discovery+, Eurosport 1 og Eurosport.no
Anita Yvonne Stenberg har levert sterkt i Champions League i banesykling denne sesongen. 31-åringen har stått på podiet i løpet av alle dei tre tidlegare rundane.
Fredag var det duka for den fjerde runda, denne gangen på velodromen Lee Valley Velopark i London.

Enorm bragd

Runda starta med scratch. Mot slutten av rittet danna det seg eit triobrot i front, som resten av feltet ikkje makta å hente inn igjen. Stenberg hang med heilt i fronten av feltet som følgde bak, og enda opp med ein ny fjerdeplass i rittet.
– Strålande fjerdeplass på Stenberg, sa Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen i etterkant av rittet.
Etter endå ein fjerdeplass er den norske ryttaren den einaste som har vore topp fire i alle ritta så langt i årets Champions League.
Britiske Dannielle Khan tok førsteplassen, etterfølgt av amerikanske Lily Williams og britiske Sophie Lewis. Katie Archibald, som har vore kvinna å slå dei siste sesongane, hamna på ein sjetteplass i scratch-rittet, noko som gjorde at Stenberg henta inn viktige poeng på briten.
Sjå Anita Stenberg sykle inn til fjerdeplass i scratch-rittet. Saka held fram etter videoen.
Her sikrar Anita Stenberg enorm bragd
Premium
Sykling - Bane

Her sikrar Anita Stenberg enorm bragd

00:00:55

Kan bli historisk

Seinare på kvelden var det duka for eliminasjonsritt. Etter to rundar av rittet vart det ein stor velt, der blant anna Archibald var involvert. Stenberg kom seg akkurat unna. Det vart ein pause i rittet, før dei starta på nytt rundt ein halvtime seinare med to færre ryttarar enn før velten.
Stenberg verka ikkje prega av å starte på nytt, då ho sykla inn til endå ein pallplass på eliminasjonsrittet. Ho blei nummer to, medan Archibald vann.
– Ho er topp tre i alle eliminasjonsritta i år, seier Magelssen.
Sjå velten her. Saka held fram etter videoen.
picture

Dramatikk i elimineringsrittet – samanlagtleiaren involvert

Stenberg ligg no på andreplass i samandraget med 120 poeng. Ho har tolv poeng opp til Archibald på første, og 13 poeng ned til Lily Williams på tredje.
– Ho er i ein fantastisk posisjon før siste kveld, seier Magelssen.
Laurdag skal Stenberg ut i den siste finalen av UCI Track Champions League. Der skal nordmannen kjempe om topplasering i den gjeve konkurransen. I førekant av Champions League var målet for Stenberg å bli topp tre. No har målsetjinga endra seg.
– No har eg eit mål om å halde meg som nummer to, men det kan også vere moglegheiter for å avansere om Katie gjer feil. Det blir spennande å sjå korleis ho taklar presset, sa Stenberg i denne vekas episode av Discovery-podkasten «Indre bane».
Om Stenberg klarer å gå forbi Archibald laurdag, vil ho bli den første nordmannen i historia til å vinne UCI Track Champions League.

Dette er konseptet

Champions League-konseptet tok banesyklinga med storm for to år sidan. Målet var å gje sporten meir prestisje og samtidig vidareutvikle den.
– EM handlar meir om å vinne ei trøye og ein tittel. Eg synest likevel at Champions League heng ganske høgt. Det er mange som ser på og det er høge pengepremiar (totalt over 500 000 euro i 2022, vår anm.). Eg ser på det som eit stort utstillingsvindauge og synest det er utruleg kule løp, uttalte europameister Stenberg til Discovery i slutten av oktober.
I løpet av fire konkurransehelgar blir 72 utvalde ryttarar samla, 36 menn og 36 kvinner til dyst. Desse er igjen delt inn i sprint (individuell sprint og keirin) eller uthaldenheit (eliminasjon og scratch).
Utøvarane kjempar om Champions League-trofeet, som blir tildelt to ryttarar av kvart kjønn, og plukkar samtidig opp både pengepremiar, poeng og rangeringspoeng til UCI-rankinga.
Høyr denne vekas episode av Indre Bane her:
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame