Populære sporter
All sport
Vis alt

Eitt lag dominerer sykkelsporten no: – Bra for Noreg

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 17/09/2023 klokken 14:22 GMT+2

Jumbo-Visma har dominert årets utgåve av La Vuelta. Det er både positivt og negativt meiner Discoverys sykkelekspert.

Primoz Roglic og Jonas Vingegaard i Jumbo-Visma.

Foto: Getty Images

  • Følg siste etappen av Vuelta a España frå søndag klokka 16:45 på discovery+.
I årets utgåve av Grand Tour-rittet Vuelta a España, har det stort sett vore eitt lag som har vore i fokus: Jumbo-Visma.
Det nederlandske laget har tapetsert heile pallen på to etapper, og ligg i tillegg an til å både vinne, og ta dei to neste plassane i samandraget. Discoverys sykkelekspert Theis Magelssen har ikkje sett liknande dominans på lenge.
– Det er kanskje det sterkaste Grand Tour-laget dei har tatt med til årets Vuelta.
Fått med deg denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Her blir samanlagtleiaren køyrt frå av sine eigne lagkameratar

Historisk bragd

Ein liknande lagsuksess har ein ikkje sett i sykkelsporten tidlegare. Aldri før har eitt lag vunne alle dei tre Grand Tour-ritta, Tour de France, Giro d'Italia og Vuelta a España, i same sesong.
– Det er stort. Det er utruleg vanskeleg å berre vinne éin Grand Tour, og for mange sykkellag er det heilt umogleg. Det seier litt om ressursane, og om prosjektet som er solid nok til å bære tre Grand Tour gjennom èin sesong, seier Magelssen.
Etter at slovenske Primoz Roglic vann Giro d'Italia og danske Jonas Vingegaard vann Tour de France, byrja laget å snakke stille om den ambisiøse planen om å ta tre sigrar. No gjenstår det berre formalitetar før dei får det til.
– Dei går allereie rundt med eigne trøyer med ei rosa, ei gul og ei rød stripe. Det er litt hovent å gjere, men det seier jo mykje om kva system dei har klart å bygge, og kva ambisjonar dei har. Det er heilt vilt.
– Og så skal ein vere litt heldig då. Det har dei vore, og det er viktig å ikkje gløyme, seier Magelssen, og viser til blant anna at belgiske Remco Evenepoel testa positivt på covid under Giro d'Italia, medan han leia rittet.
Han meiner at andre lag no må sjå på kva Jumbo-Visma gjer, og strekke seg etter det.
– Ein såg liknande tendensar i Team Sky for ti år sidan. Då såg Jumbo-Visma på dei, og tenkte at dei måtte gjere det på same måte. No må andre lag sjå mot Jumbo-Visma.

Øydeleggande for sporten

At det same laget vinn gong på gong, meiner Magelssen kan vere øydeleggande for sporten.
– Ingen vil sjå at dei vinn heile tida. Forutsigbarheit er ikkje gøy, og det drep litt av gleda.
Likevel ser han også positivt på dominansen. Jumbo-Visma har i dag fire norske menn på laget sitt: Tobias Foss, Johannes Staune-Mittet, Jørgen Nordhagen og Per Strand Hagenes. Førstnemnde er på utgåande kontrakt, men dei tre andre skal, etter planen, opp til profflaget i løpet av dei neste åra.
– Sidan dei er i talentutviklinga til verdas beste sykkellag, bør vi håpe dominansen held fram. Det er bra for oss.
Dei store sykkellaga leiter alltid etter dei nye kapteinane som hjelperyttarane skal køyre for. Om nokre år kan det vere ein nordmann i kapteinsposisjonen.
– Staune-Mittet eller Nordhagen kan ta plassen til Vingegaard når han legg opp, om vi skal drøyme stort, seier eksperten.

Drama i kulissane

Sjølv om det nederlandske sykkellaget har levert varene i årets Vuelta, har det ikkje vore utan dramatikk i kulissane. Sepp Kuss leia rittet samanlagt, men på etappe 17 valte Vingegaard og Roglic å køyre frå han, noko som satt sinne i kok hos fleire. I etappen etterpå viste dei derimot at dei skulle køyre for Kuss, men heller ikkje dette var utan bismak for Roglic.
– Det står fram som ein maktkamp mellom Vingegaard-leiren og Roglic-leiren, men samtidig trur eg ikkje det er ein veldig skarp kamp. Eg tipper at Jumbo-Visma er mest opptatt av at Vingegaard er fornøgd, seier eksperten.
Magelssen trur at Jumbo-Visma har gjort det beste valet:
– Dei har alt å tene på det, omdømemessig. Kva liker vi best som idrettsfans? Underdoghistoriar. Det er også noko sympatisk over det når hjelparen får sleppe til.
Sett denne?
picture

Her knuffer Jumbo-Visma-hjelperen på politiet

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame