Fyrer mot stjerneryttarar: – Respektlaust

Eurosport på Google

Jumbo-Visma-ryttarane Jonas Vingegaard og Primoz Roglic får kritikk frå ekspertar for måten dei behandla Sepp Kuss under etappe 17 av La Vuelta.

Primoz Roglic og Jonas Vingegaard.

Foto: Getty Images

Etter den åttande etappen av La Vuelta, tok Jumbo-Visma-ryttar Sepp Kuss over samanlagttrøya. Den har han klart å halde på, men lagkameratane Jonas Vingegaard og Primoz Roglic har tatt innpå etappe etter etappe.
Opp det mytiske fjellet Alto de L'Angliru på onsdagens etappe, vart samanlagtleiaren køyrt frå av sine eigne lagkameratar. Det har satt sinne i kok hos fleire.
Sjå situasjonen her. Saka held fram etter videoen.
picture

Her blir samanlagtleiaren køyrt frå av sine eigne lagkameratar

Video credit: Eurosport

Reagerer på intervju

Kuss skal ha sagt på radioen at tempoet var for høgt for han, og at dei to andre berre skulle køyre. Duoen køyrte saman til mål etter at dei hadde køyrt frå Kuss med under to kilometer igjen av etappen. Vingegaard gav ikkje Roglic nokon kamp om etappesigeren, og slovenaren vann den 16. etappen.
Roglic køyrde inn 25 sekund etter hans andre etappesiger i årets Vuelta, og er no 1 minutt og åtte sekund bak Kuss i samandraget. I sigersintervjuet viste han lite støtte til hjelperyttaren.
– Det er mann mot mann, og vegen vil vise kven som er best, seier Roglic til Discovery.
Utsegna fekk Discovery-ekspert Adam Blythe til å reagere.
– Det er så respektlaust ovanfor alt Sepp har gjort for han gjennom karrieren, når han har redda han i fleire situasjonar. Alt han har gjort har vore for Roglic, og han har aldri stilt spørsmål ved det, det er jobben hans.
Kuss har aldri vunne ein Grand Tour før, men det har både Roglic og Vingegaard.
– Dei er to store egoistar. Du (Roglic) kan endre livet hans (Kuss) for alltid, og du kan ikkje ha respekt nok til å seie «for alt du har gjort, fortener du dette, så vi kjem til å støtte deg, eg og Jonas», raser Blythe.
Sjå intervjuet med Roglic her. Saka held fram etter videoen.
picture

Roglic says 'the road will tell who is the best' after dropping Kuss to win Stage 17

Video credit: Eurosport

– Ukomfortabelt å sjå på

Discovery-ekspertane Sean Kelly og Dan Lloyd var heller ikkje imponert over oppførselen til Jumbo-ryttarane, då Kuss har vore ei sentral brikke i Vingegaard og Roglic sine Grand Tour-sigrar tidlegare. At dei ikkje ville tilbakebetale tenesta, synest ikkje Lloyd noko om.
– Eg synest det var ganske ubehageleg å sjå på, skal eg vere heilt ærleg.
Det seier Kelly seg einig i:
– Det er urettferdig. Kuss har vore så påliteleg for ryttarane i mange år. Dei viste ikkje noko der, dei berre heldt fram.

Tett kamp

Vueltaen blir avslutta på søndag i Madrid. Fram til det vil det vere ein tett kamp om samanlagtsigeren.
Vingegaard ligg åtte sekund bak Kuss når ryttarane skal i gong med årets siste fjelletappe på den 18. etappen.
Ifølge ryttarane sjølv vil både Vingegaard og Roglic at Kuss skal vinne.
– Det er ei rar kjensle. På den eine sida vil du halde fram, og på den andre sida vil du ikkje det. Sepp har vore der for alle sigrane våre, og eg vil at han skal vinne, men eg er her for å konkurrere og gjere mitt beste, seier Roglic etter onsdagens etappe.
Kuss er derimot glad så lenge ein på laget tar samanlagtsigeren.
– Eg skal hjelpe dei to flotte gutane (Vingegaard og Roglic) så godt eg kan, sa Kuss etter å ha forsvart leiartrøya onsdag.
Sett denne?
picture

Fornøyd Tiller: – Kjennes godt

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame