Populære sporter
All sport
Vis alt

Jumbo-Visma ryttar med kryptisk melding: – Har mine meiningar

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 15/09/2023 klokken 13:03 GMT+2

Under etappe 18 av La Vuelta verka det som at det var einigheit i Jumbo-Visma-laget om at dei skulle sykle for Sepp Kuss, men då Primoz Roglic møtte pressa, var han meir kryptisk i responsen sin.

Primoz Roglic.

Foto: Getty Images

På den 17. etappen av La Vuelta, køyrde Primoz Roglic og Jonas Vingegaard frå lagkameraten, og samanlagtleiaren, Sepp Kuss. Det fekk ekspertane til å reagere, og kalla dei blant anna for respektlause og egoistar.
Dagen etterpå var det ei heilt anna historie, då både Roglic og Vingegaard såg ut til å køyre for Sepp Kuss og for at han skulle vinne Vuelta a España.
Likevel stoppa ikkje dramaet der.

Assisterer til siger

Då Roglic møtte pressa etter målgongen, fekk han om korleis det var å assistere Kuss til ein Grand Tour-siger. Slovenaren var noko kryptisk i responsen sin.
– Eg meiner ... Han er den eg ønsker skal vinne no, sa han, før han viste teikn på at han kanskje ikkje var så fornøgd med avgjerda til laget.
– Eg har mine eigne tankar om det, men eg vil prøve å gjere det, så blir det som det blir, sa Roglic til Discovery og anna presse.

Trippel Jumbo-Visma

Jumbo-Visma har dominert Vueltaen i år. To gonger har dei tapetsert heile pallen, og dei har kapra dei tre øvste plassane i samandraget.
Kuss leiar rittet med eitt minutt og åtte sekund til Roglic, medan Vingegaard ligg 17 sekund bak samanlagtleiaren. Dansken gav også uttrykk for at han ville støtte lagkameraten til siger.
– Det er fint å gje litt tilbake til han, og gjere noko for han. Men det er ei veldig tøff etappe på laurdag, så vi må vere forsiktige.
Rittet blir avslutta søndag i Madrid. Før det skal feltet gjennom to nokså flate etappar, og ein ganske kupert.
Sett denne?
picture

Her blir samanlagtleiaren køyrt frå av sine eigne lagkameratar

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame