Populære sporter
All sport
Vis alt

Kristoff med Tour de France-spådom: – Kan vinne etappar

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 18/01/2024 klokken 20:51 GMT+1

Uno-X Mobility står igjen på startstreken når startskotet for Tour de France 2024 går. Alexander Kristoff håper han er ein av åtte som får sykle for laget.

Sjekk Tour de France-løypen: Avsluttende tempoetappe

  • Uno-X i Tour de France i 2024 følger du sjølvsagt på discovery+ og Eurosport.no!
Torsdag vart det bekrefta at Uno-X Mobility er eit av to lag som blir invitert til årets Tour de France.
– Det var godt å få det bekrefta, så slepp vi å lure, seier Uno-X-ryttar Alexander Kristoff til Discovery.
Alle 18 WorldTour-laga får delta, i tillegg til dei to beste rangerte ProTeam-laga. Arrangøren, ASO, gir også ut to «wild cards». I år, som i fjor, valte dei å gi det til blant anna Uno-X. Det var ikkje overraskande, ifølge Kristoff.
– Vi vart jo invitert til presentasjonen av løypa og har sett alle etappane. Det hadde vore litt bortkasta om vi var invitert dit, og ikkje fekk køyre. Eg var ikkje veldig overraska, men ein veit jo aldri.
Sjå Tour de France-løypa øvst i saka.

Kan vinne etappar

Uno-X skreiv sykkelhistorie i 2023 då laget blei det første norske herrelaget på start i sykkelfesten i Frankrike. I debuten imponerte dei arrangøren stort. Det norsk-danske-sykkellaget var ni gongar innanfor topp ti på ein etappe.
– Eg følte at vi presterte greitt i fjor. Vi var midt på treet poengmessig. Sånn sett fortente vi ein plass i år, då det var mange som gjorde det dårlegare enn oss, seier Kristoff.
36-åringen trur at sjansane er endå større for å prestere betre i år, og legg ikkje skjul på at dei kan skrive historie endå ein gong:
– Vi har forsterka laget med blant anna Andreas Leknessund og Magnus Cort. Markus Hoelgaard og Jonas Iversby Hvideberg kan også vere med på å styrke laget. Sånn sett er laget sterkare og betre. I år kan vi vinne etappar.
Det vil i så fall bli den første etappesigeren av eit norsk sykkellag i Tour de France.
Kristoff meiner det er positivt at eitt år er gått sidan sist deltaking:
– Mange har blitt eitt år eldre, og kjem til å prestere endå betre. Tobias Halland Johannessen, som fekk ein tredjeplass i fjor, kjem blant anna til å vere endå sterkare. Og så har vi meg då, som også er eitt år eldre og som kanskje ikkje presterer betre av den grunn, seier Kristoff og ler.
– I totalbildet er det ein fordel for oss at vi har eitt år ekstra på baken.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Full forvirring for den norske kometen: Se den absurde situasjonen

Trur på ein lagplass

Berre åtte av Uno-X sine 29 ryttarar får delta i touren. Kven dei åtte blir er enno ikkje bestemt, ifølge Uno-X-sjef Jens Haugland.
– Du sikrar deg ikkje Tour de France-plassen i februar. Det er lett å seie tidleg kven som skal med, men vi veit at dette valet kjem til å bli tatt tett opp til det som skjer, seier Haugland til Discovery.
Kristoff er likevel ein av ryttarane som Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen trur kjem til å stå på startstreken, men hovudpersonen sjølv meiner ikkje det er sjølvskriven at han blir med.
– Eg ser ikkje på meg sjølv som «bankers» på laget. Vi har mange gode ryttarar, så eg må vise form og resultat eg også. Men eg håpar og trur at eg skal få ein plass, seier Kristoff.
Sjølv om Uno-X no har fått invitasjon til rittet to år på rad meiner Kristoff at dei framleis må jobbe på og vise seg frå si beste side.
– Det blir sannsynlegvis ikkje noko World Tour-lisens på oss neste år heller, så vi må kjempe for poeng og gjere ein god figur i år også, slik at vi kan få «wild card» neste år.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame