Populære sporter
All sport
Vis alt

Stjerneryttar bekreftar Tour de France-deltaking

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 09/01/2024 klokken 18:56 GMT+1

Det har lenge vore spekulert i om Soudal-Quick Step-ryttaren kjem til å delta i Tour de France i sommar. No bekreftar han at det skjer.

Krise for Evenepoel: – Ei av dei mørkaste stundene

Remco Evenepoel fekk nettet til å koke då han hinta til ei Tour de France-deltaking på treningsappen Strava i november.
– I gong med førebuingane til La Grande Boucle (referanse til Tour de France), skreiv han då.
Sidan den gong har 23-åringen fleire gongar både hinta til og snakka om ei komande Tour-deltaking, men det var først tysdag at deltakinga i rittet vart bekrefta.
– No køyrer vi! Glad for å offisielt annonsere at eg kjem til å sykle Tour de France, skriv Evenepoel på X/Twitter.
Dette blir første gong belgiaren deltar i Tour de France.
– Det er på tide no. Eg blir 24 år om to veker. Kvart år du hoppar over touren, er det éin mindre igjen. No er eg inne i mitt sjette år som profesjonell, og det er på tide å oppdage touren, sa Evenepoel til VTM News ifølge avisa Het Laatste Nieuws.
Sykkelfansen kan dermed få sjå Evenepoel mot danske Jonas Vingegaard og slovenske Tadej Pogacar i sommar.
– Eg set Vingegaard, Pogacar og Roglic eitt steg høgare opp enn meg, sa ryttaren til VTM News.
Sett denne?
picture

Likte Tour de France-direktørens svar: – Et positivt tegn

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame