Populære sporter
All sport
Vis alt

Samanlagtfavoritt reagerer: – Synest det er komisk

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 28/07/2023 klokken 09:24 GMT+2

Demi Vollering låg for lenge bak lagbilen på den 5. etappen av Tour de France Femmes. Det enda i tidsstraff.

Demi Vollering.

Foto: Getty Images

Under torsdagens etappe av Tour de France Femmes punkterte Demi Vollering med 70 kilometer igjen av etappen. Då Team SD Worx-syklisten var på veg tilbake til feltet, sat ho for lenge bak lagbilen sin, ifølge juryen.
Undervegs i etappen vart det klart at samanlagtfavoritten fekk ei tidsstraff på 20 sekunder. Då journalistar fortalte Vollering om straffa, var ho både overraska og frustrert.
– Oj wow, ok. Eg synest ikkje at eg har gjort noko galt. Eg synest det er spesielt, faktisk komisk. Men om dei vil gjere det på den måten..., seier Vollering til den nederlandske avisa Wielerflits.
Lotte Kopecky, Vollering si lagvenninne, synest også at straffa var spesiell:
– Eg veit ikkje kva som har skjedd, men om du er uheldig, er det fornuftig at du kan bli dratt bak bilane. Eg synest det er latterleg at ho får 20 sekund straff for det, seier ho til Wielerflits.
Sjå brotet som gav Demi Vollering tidsstraff her:
picture

Fekk straff for dette

– Veldig farleg

Juryen meinte at det hendinga var ein farleg situasjon, og at Vollering difor måtte få tidsstraff.
– Når ein ryttar får mekaniske problem, kan ein gå ut på høgre side av vegen, til kortesjen der. Som sportsdirektør kan du ikkje flytte bilen din til venstre side av vegen, med ein ryttar bak deg. Det er noko vi såg i dag. Det er ein veldig farleg situasjon, seier Eurosport-kommentator Iris Slappendel.
picture

– Ein veldig farleg situasjon

Sportsdirektør i Team SD Worx, Danny Stam, sparte ikkje på kritikken mot juryen då han møtte den nederlandske avisa etter målgong.
– Det er latterleg. Om du taper 20 sekund på grunn av noko slikt, og UCI støtter den avgjerda, så lurer eg på om desse menneska er i stand til å leie eit slik ritt, seier han til avisa.
Stam fortalte til avisa at han klaga på avgjerda, men at protesten blei avvist med ein gong.
– Eit av jurymedlemmane snakka engelsk, medan resten ikkje klarte det. Det seier litt om nivået i ein så viktig konkurranse, seier Stam.

Rykka ned på samanlagtlista

Vollering er ein av favorittane til å vinne Tour de France samanlagt. I førekant av torsdagens etappe, låg ho som nummer to.
Med straffa er ho no nede på sjuande plass, og har blitt passert av konkurrenten Annemiek van Vleuten, som vann Tour de France i fjor.
Det skil tolv sekund mellom van Vleuten og Vollering før fredagens etappe.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame