Populære sporter
All sport
Vis alt

Uno-X-ryttaren vurderer flytting: – Må sjå kva som er best for meg

Oppdatert 07/04/2024 klokken 10:05 GMT+2

Søren Wærenskjold vurderer å gjere grep for å sikre ei betre sesongoppkøyring.

Alexander Kristoff og Søren Wærenskjold.

Foto: NTB

Søren Wærenskjold opna sesongen med etappesiger allereie på den andre etappen av AlUla Tour. Likevel meiner «flodhesten frå Mandal» at vinteroppladinga har forbetringspotensiale.
– Eg kunne vore endå meir i utlandet og endå meir på treningsleir, seier Wærenskjold til Discovery.
No vurderer han å ta grep.
– Eg vurderer å anten flytte til utlandet, eller bu der meir om vinteren. Då slepp ein å trene i to-tre grader, regn og snø, og slepp å bli småsjuk.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Stjernen utsatt for ølkasting: – Høy promille her nå

Har snakka med Hushovd

Sjølv om han ikkje har konkludert med noko, er han allereie inne på tanken om kvar han kunne tenke seg å flytte. Fleire syklistar har valt å busetje seg i Andorra dei siste åra, mykje på grunn av tynn luft, gode forhald og låge skattar. Det er ikkje Wærenskjold framand for.
– Eg har tenkt på det. Om ein flyttar ut av Noreg, så ein ikkje betaler skatt her, kan ein like gjerne flytte til ein plass med låg skatt. Eg skal bruke dette året for å sjå kva som er best for min del.
24-åringen har diskutert flytteplanane med Thor Hushovd.
– Han har jo erfaring frå å bu i utlandet, og gjorde det då han var ung. Han er en grei mann å prate med, og han har mykje erfaring. Om det er noko vi lurer på, så er det berre å høyre med han, seier Wærenskjold om forholdet til Uno-X-sjefen.

Stiller med erfaring

Søndag skal Wærenskjold i aksjon i Paris-Roubaix etter å ha slitt med sjukdom den siste tida.
– Eg har hatt litt feber og forkjøling. Det har ikkje vore noko ekstreme greier, men det tar litt tid til å bygge opp formen igjen. Eg føler det har blitt betre, og trur det skal følast normalt og bra på søndag.
Dette vil vere den tredje gongen han konkurrerer i det berømte klassiske eindagsrittet.
– Eg har lært at ein må ligge bra plassert, men ikkje sløse med krefter. Det er eit langt løp, så ein må vere litt smart og investere krefter der det er aller viktigast. Eg trur eg er betre førebudd enn eg var i fjor, så får ein sjå. Om det blir vått, så trur eg ikkje det har så mykje å seie kva erfaring ein har. Då er det meir flaks.
Uno-X stiller med fleire ryttarar som er i god form og har levert gode resultat, blant anna Alexander Kristoff, Jonas Abrahamsen og Rasmus Tiller. Wærenskjold trur det kan ende i gode resultat også i Paris-Roubaix.
– Eg trur kanskje det er det rittet som passer laget best. I alle fall om dei fleste på laget får ein bra inngang i starten og kjem inn i ei god rytme.
Abrahamsen sykla nyleg inn til ein andreplass i det tradisjonsrike rittet «Dwars door Vlaanderen». Wærenskjold ser ikkje vekk frå at det kan vere ein god ide å sende «Grenlandsplogen» i eit brot på søndag.
– Det kan vere ganske smart. Om det blir vått lønner det seg å ha ein i brot, men vi må sjå litt an på vinden. Blir det motvind er det kanskje ikkje like mykje vits, seier Wærenskjold og held fram:
– Det er ein sjanse for regn, og om det blir gjørmete, så er det viktig å vere langt framme.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Kaotiske scener i storrittet: – Nei og nei!

Endra løypa

Paris-Roubaix har endra den ikoniske brusteinssektoren «Arenbergskogen» i 2024-utgåva. Arrangøren har no innført ei såkalla «sjikane» like før inngangen til sektoren, for å senke farta inn i sektoren, gjennom fleire svingar i sjikanen.
Tidlegare har det kome eit hovudfelt inn i den tronge sektoren med ei enorm fart. Det har ofte ført til stygge velt.
Wærenskjold trur den nye løysinga vil vere tryggare, sjølv om han ikkje er heilt fornøgd med gjennomføringa.
– Eg synest sjikanen kunne vore betre laga til. Den første høgresvingen er ganske slak, så ein kjem veldig fort inn, så ein mister ikkje så mykje fart i første svingen. No blir det slik at ein kjem rundt svingen, så blir det bråstopp inn i ein 180-grader.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame