Wærenskjold topp ti – beste norske plassering i Paris-Roubaix sidan 2016

Eurosport på Google

Mathieu van der Poel innfridde favorittstempelet i Paris-Roubaix, men Søren Wærenskjold imponerte stort.

Her avgjer van der Poel det legendariske rittet: – Sjå på klasseforskjellen!

Video credit: Eurosport

  • Sjå Tour of Abruzzo tysdag til fredag på discovery+!
Saka blir oppdatert!
Søren Wærenskjold spurta inn til ein niandeplass i Paris-Roubaix. Det er karrierebeste for nordmannen. Tidlegare var 22. plass hans beste resultat.
– Han viser ei køyrestyrke i dag, ein kløkt på brusteinen, som gjer at dette rittet kjem han til å prestere i ti år fram i tid. Ein kjempedag på sykkelen av Søren Wærenskjold. Han gjer veldig mykje riktig i dag, og får betalt for det med eit godt resultat til slutt, sa Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
– Ein vanvitig sterk køyrar på brusteinen. Det såg veldig komfortabelt ut tilsynelatande. Eg trur han tapar ein del på dei taktiske disponeringane. Han sparer ein del krefter på å ikkje stresse med posisjonering, og er stort sett på rett plass til rett tid, fram til det røyner litt på på slutten. Men dette må ha gitt meirsmak for mandalitten, sa Discoverys sykkelekspert Henrik Evensen.
Wærenskjold vart først nummer ti, men etter rittslutt vart Tim van Dijke flytta frå 8. plass til 16. plass, fordi han køyrde på utsida av velodromen under spurten. Dermed rykka Wærenskjold opp til ein niande plass.
Resultatet var det beste norske resultatet sidan 2016. Då vart Edvald Boasson Hagen nummer fem. I 2022 vart Alexander Kristoff nummer 12.
Kristoff vart nummer 21 søndag.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Uno-X-ryttaren i tydelege smertar etter velt: – Ser ikkje bra ut

Video credit: Eurosport

Kunne ikkje stoppe van der Poel

Ingen kunne stoppe nederlandske Mathieu van der Poel i Paris-Roubaix som tok sigeren.
– Det er vanskeleg å tru faktisk. Eg er kjempestolt av gutane og veldig glad for å vere ferdig, sa van der Poel i sigersintervjuet.
Med litt under 60 kilometer igjen av eindagsrittet sat nederlendaren inn eit rykk som dei andre ikkje makta å svare på.
– Han smell til. Eit regnbogekledd lyn frå Nederland susar avgarde. Er det nokon som kan følge han over brusteinen mot Roubaix? Foreløpig er svaret «ikkje snakk om!», sa Magelssen då van der Poel fekk luka.
Vinnaren gjennomførte med det det nest lengste soloprosjektet i Paris-Roubaix si historie. Det lengste er på akkurat 60 kilometer.
Jasper Philipsen vart nummer to, medan danske Mads Pedersen tok sin første pallplass i Paris-Roubaix. Dei kom i mål tre minutt bak van der Poel.
– Van der Poel kan jo gjere sigersintervjuet før dei andre er i mål, braut Magelssen ut.

– Kunne ikkje drøymt om betre

Tidleg i rittet var det heile to nordmenn i brot. Rasmus Tiller og Per Strand Hagenes sat i lag med blant anna Asgreen.
– Det er altså eit nivå på gutane i brotet her som er heilt rått. Ein kunne nesten ikkje drøymt om noko betre enn dette, sa Magelssen.
Med 130 kilometer igjen vart brotet tatt igjen. Då var det i staden Wærenskjold som satt inn støyten av dei norske ryttarane.
Etter den ikoniske brusteinssektoren «Arenbergskogen» sat nordmannen i ei supergruppe med blant anna Mads Pedersen og vinnaren, van der Poel.
– Dette er ein stor dag i Wærenskjold si karriere, sa Magelssen.
Wærenskjold mista kontakt med gruppa etter kvart, og enda opp i ei gruppe med ni andre, deriblant Thomas Pidcock og Tim van Dijke.
Strand Hagenes vart til slutt nummer 44 i Paris-Roubaix-debuten.
Fått med deg denne?
picture

Fiksar sykkelstyret i fart: – Spenstig

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame