Raste mot sikkerheitstiltak – får støtte frå eksperten
Oppdatert 06/04/2024 klokken 15:47 GMT+2
Arrangøren har innført ei endring like før den mest avgjerande brusteinssektoren i Paris-Roubaix. Tidlegare syklist Jens Voigt meiner problemet berre blir flytta.
Stjernen utsatt for ølkasting: – Høy promille her nå
Video credit: Eurosport
- Følg Paris-Roubaix søndag frå 11.15 på discovery+, Eurosport.no og Eurosport Norge
Paris-Roubaix har endra den ikoniske brusteinssektoren «Arenbergskogen» i 2024-utgåva. Arrangøren har no innført ei såkalla «sjikane» like før inngangen til sektoren, for å senke farta inn i sektoren, gjennom fleire svingar i sjikanen.
Tidlegare har det kome eit hovudfelt inn i den tronge sektoren med ei enorm fart. Det har ofte ført til stygge velt.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/03/27/3937967-79992053-2560-1440.jpg)
Van Aert på gråten etter stygg velt: – Fullstendig stjernefall
Video credit: Eurosport
Flytter problemet
Discoverys sykkelekspert Jens Voigt meiner det berre vil forskyve problemet.
– Risikoen for å hamne i velt er no flytta fram frå sektoren til sjikanen, enkelt og greitt. Det vil framleis vere lite plass, seier Voigt.
Ifølge Voigt vil syklistane sykle fort for å kome langt framme, for jo lengre framme ein er i sektoren, jo tryggare er det. Det har han sjølv fått oppleve på nært hald under karrieren sin.
– Eg sykla som nummer 20 av sikkert 30. Philippe Gaumont krasja framfor meg og fekk eit brot i lårbeinet. Eg skulle klatre over den øydelagde sykkelen hans med sykkelen min i handa, og såg ned. Han skreik i smerter, og vinkelen på låret såg ikkje normal ut. Det er difor alle syklar så fort for å kome fram.
Dermed forstår Voigt kvifor arrangøren har gjort endring.
– Eg forstår intensjonen, men det er kanskje ikkje implementert perfekt.
Betre å velte i sjikanen
Voigt meiner det no kan hende at ryttarane syklar fort for å bli blant topp ti inn i sjikanen. Der kan det bli like mange veltar som det var før endringa.
Ifølge den tidlegare syklisten Dan Lloyd vil det vere betre å krasje i sjikanen enn i sektoren.
– Alle ryttarar vil mykje heller krasje på asfalt enn på dei brutale brusteinane, skriv Llyod på X.
Ein ryttar som ikkje verker å ha ønska endringa er kanskje den største favoritten; Mathieu van der Poel.
«Er dette ein spøk?», skreiv han på X tidlegare i veka.
Relatert
Reklame
Reklame