Populære sporter
All sport
Vis alt

Skulle delta for første gong – no mistar stjerna storritt

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 11/04/2024 klokken 15:51 GMT+2

Ein stygg velt i Dwars door Vlaanderen gjer at sykkelstjerna må trekke seg frå Giro d'Italia.

Van Aert på gråten etter stygg velt: – Fullstendig stjernefall

Wout van Aert syklar ikkje Giro d'Italia i mai. Det stadfestar Visma-Lease a Bike på X.
– Det er veldig trist. Eg er skuffa over at eg også mister mitt neste store mål for sesongen, men på dette tidspunktet må eg prioritere helsa mi, og eg må gje kroppen min tid til å kome seg, seier van Aert i ein video.
Den belgiske stjerna skulle sykle rittet for første gong, men må stå over på grunn av skader etter ein stygg velt i Dwars door Vlaanderen i slutten av mars. Der brakk han kragebeinet og fleire ribbein.
– Eg er glad for å fortelje dykk at det går bra med meg, men ribbeina mine er framleis ein avgrensande faktor. På dette tidspunktet kan eg ikkje trene i det heile tatt.
Christopher Laporte kjem inn på laget i staden.
Sett denne?
picture

Uno-X-ryttaren i tydelege smertar etter velt: – Ser ikkje bra ut



Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame