Populære sporter
All sport
Vis alt

Halfvarsson mista viktig høgdeopphald før OL: – Må tenke positivt

Andreas Hopen

Publisert 21/01/2022 klokken 16:25 GMT+1

Etter ein haust under pari viste Calle Halfvarsson gryande form under Tour de Ski rundt årsskiftet, men sjukdom i etterkant av touren har gitt OL-utfordringar for svensken.

Calle Halfvarsson

Foto: NTB

To løp innanfor topp ti og stabile løp gjennom heile touren førte 32-år gamle Calle Halfvarsson inn topp ti samanlagt i Tour de Ski. Det ga den rutinerte svensken von før OL.
Men like etter touren var ferdig vart Halfvarsson forkjøla, og med dei strenge reiserestriksjonane enda det med at flyet til det svenske landslagets pre-camp i italienske Livigno gjekk utan den rutinerte langrennsløparen.
– Formen var veldig bra i Touren, og det kjendes ut som at det var noko bra på gong. Då var det synd at eg vart forkjøla og tok eit steg tilbake, seier Halfvarsson til Discovery frå sin bustad i Sågmyra utanfor Falun.
Livigno ligg på omtrent 1800 meters høgde, og det svenske laget har vald ut den italienske byen for å verte best mogleg akklimatisert til tevling under OL på nesten 1700 meters høgde i Zhangjiakou nord for Beijing. Halfvarsson får soleis ikkje akklimatisert seg på same måte, men det brukar ikkje 32-åringen mykje energi på.
– Nei, eg tenker ikkje på det. Dei ni dagane eg får der trur eg held. Eg kan ikkje gjere noko anna enn å tenke positivt, og håpe at det held, for eg får ikkje gjort noko med det, fortset Halfvarsson som torsdag meddelte til svensk media at han skal bli far i 2022.
32-åringen skal etter planen konkurrere i 30 kilometer med skibytte allereie 5. februar. Den distansen har han ikkje store ambisjonar for.
– Den trur eg vert tøff, så eg får bruke det løpet for å kome i gong og heller sjå fram mot 15 kilometer klassisk og femmila, avsluttar Halfvarsson.

Ikkje optimalt

Discoverys langrennsekspert, og tidlegare landslagssjef for blant anna Noreg og Austerrike, Trond Nystad fortel at alle nasjonar førebur seg til høyden gjennom å vere på treningsleirar på slike destinasjonar før kvar sesong. I tillegg gjere ein det før løp og meisterskap som går på slike høgder.
Han visar til at det er to måtar å løyse høgden på. Det eine er å bu i låglandet, for så å konkurrere i høgda - den andre er å akklimatisere seg over tid før konkurransen.
– Det fyrste er ikkje eit alternativ i OL, då deltakarlandsbyen er like i nærleiken av stadion. Det å ikkje få adaptere seg høgda gjere det vanskelig å konkurrere i høgda, det har man sett av dei norske utøvarane under verdscupen i Davos, som ligg på lågare høgde enn OL, forklarar den tidlegare landslagssjefen.
Nystad meiner det er synd for svensk herrelangrenn at Halfvarsson får ei amputert oppkøyring.
– Det såg veldig lovande ut i Tour de Ski, og det var akkurat det Sverige trengde. Han skal ta leiarrolla i det svenske laget, og det er synd at han ikkje får gjort det i oppkøyringa, meiner Nystad.
Inn mot leikane meiner Nystad at Halfvarsson ikkje må bruka noko energi på at han ikkje får gjort det han hadde planlagd.
– Det viktigaste for utøvarane er at det ikkje brukar energi på ting dei ikkje får gjort noko med. Han må ha fokus på å trene godt heime, og halde fokus på det han kan gjere noko med. Hans fordel er at han får vere heime og ikkje eksponerar seg for Covid, så det er aldri so gale at det ikkje er godt for noko, men hadde det vore optimalt å lade opp heime - så hadde alle gjort det, fortset 51-åringen.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame