Populære sporter
All sport
Vis alt

Kapteinen fekk «ny» rolle: – Kjennast litt rart

Oppdatert 16/03/2024 klokken 17:00 GMT+1

Christian O'Sullivan er ikkje berre kaptein på landslaget, men har den siste tida fått ei ekstra rolle.

Meiner han kunne gjort ein betre jobb under EM: – Kunne vore meir aktiv

  • Følg Noreg-Ungarn i OL-kvalifiseringa laurdag frå 19:00 på discovery+ og TVNorge.
OSLO/TATABÁNYA (Discovery):
Christian O'Sullivan debuterte som Noregs kaptein sidan 2022. Då landslaget spelte i EM i januar fekk 32-åringen ei heilt ny rolle. Han vart forsvarssjef, noko han også er under OL-kvalifiseringa.
– Det er slikt eg har spelt mest i klubb i det siste, så eg har blitt meir vandt til det, men det var litt rart på landslaget, seier O'Sullivan til Discovery.
Landslagssjef Jonas Wille meiner det er veldig viktig å ha spelarar som tar rolla som både angrep- og forsvarssjef.
– Det er jo ein av grunnane til at eg likar å trene med eit byte, slik at ein kan snakke med ein angrep- og forsvarssjef som kan delegere vidare ut. Det er jo veldig vanskeleg å skrike beskjedar ut på bana når det er bråk på tribuna.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Tok eit steg mot Paris i opningskampen: – Eg er grisehappy

Lågare enn motstandarane

Ifølge Wille har kapteinen mange styrker i forsvarsspelet som han utnyttar godt.
– Han er veldig intelligent og taktisk smart i utgangspunktet. Han er også ein som førebur seg veldig godt og er svært klar på kva løysingar han tar. Om han gjer feil klarar han å korrigere seg sjølv, slik at han finn ut kva han skal gjere neste gong i liknande situasjonar, seier Wille og held fram:
– At han er rasjonell og har evne til å korrigere seg sjølv er ein av hans største styrker, for han er jo ikkje den sterkaste eller største.
O'Sullivan har heile 1.90 meter på sokkelesten. Likevel kjenner han på ein høgdeforskjell hos motspelarane, og blir ikkje rekna som ein av dei høgste spelarane.
– I internasjonal handball er det mange i posisjonen min, spesielt i forsvar, som gjerne er ti centimeter høgare enn det eg er. Det har ikkje noko å seie, ein må berre løyse det på andre måtar.

Viktig med kommunikasjon

Laurdag kveld møter Noreg Ungarn i OL-kvalifiseringa som har mange høge spelarar på laget. Kapteinen meiner nøkkelen for å stoppe fysisk større personar når Noreg er i forsvar, er å kome langt ut på dei.
– Ein ønsker å kome langt ut på dei, slik at om dei skal skyte, så skal dei skyte langt ute. Samtidig har dei ein av verda beste linjespelarar i Bence Bánhidi, så det samspelet kjem til å bli tøft.
Ifølge O'Sullivan vil kommunikasjonen i midtforsvaret vere viktig i kampen mot Ungarn.
– Ungarn er eit lag som ønsker å kome inn i midten å skyte. Historisk sett har vi gjort det bra mot slike lag tidlegare.
Det norske laget er avhengig av siger mot Ungarn for å sikre OL-billetten allereie laurdag. Om dei taper med eitt eller to mål, vil dei kvalifisere seg til OL om dei vinn mot Tunisia søndag.
Fått med deg denne?
picture

Sjekk denne utrulege redninga frå kantspelaren

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame