Populære sporter
All sport
Vis alt

Nordmann i ekstase etter at Ungarn sikra OL-plass: – Heilt sinnsjukt

Oppdatert 18/03/2024 klokken 15:14 GMT+1

Søndag kveld sikra Ungarn OL-billetten etter ein nervepirrande kamp mot Portugal. Det betydde mykje for norske Tord Ellingsen.

Ungarn sin OL-plass betydde mykje for nordmannen: – Vi har jobba for dette

  • OL i Paris ser du på TVNorge!
– Det er heilt sinnsjukt. Det står vaksne menn utpå her og grin, for å seie det sånn. Det er heilt rått.
Det seier Tord Ellingsen til Discovery etter at Ungarn kvalifiserte seg til OL under kvalifiseringa søndag kveld.
Ellingsen er norsk og jobbar til dagleg som lærar og trenar på ein vidaregåande skule i Noreg, men pendlar kvar veke til Ungarn der han jobbar som fysisk trenar for det ungarske herrelandslaget. Dermed var gleda ekstra stor då Ungarn kunne puste letta ut framfor heimepublikummet.
– Eg trur nesten det betyr mest for dei rundt her, men det betyr litt her og. Det er moro. Vi har jobba for dette, seier Ellingsen.
Sett denne?
picture

Lekker scoring av Grøndahl: – For en godbit!

Intense sluttminutt

Ungarn vann deira første kamp mot Tunisia. I kamp nummer to venta Noreg. Der gjekk det norske herrelandslaget av med siger og den første OL-plassen. Ungarn på si side måtte ut i ein siste og avgjerande kamp.
– Kor desse gutane får kreftene frå, det skjønner eg ikkje. Laurdag tappa vi oss mot Noreg. Eg snakka med den fysiske trenaren for Noreg som sa det var mange der som ikkje ønska å spele kamp søndag. Om dei var slitne, då kan du tenke deg korleis vi var, seier den fysiske trenaren.
Med tap mot Noreg var Ungarn avhengig av å vinne mot Portugal søndag. Portugal hadde på si side kvalifisert seg til OL med uavgjort.
Med to minutt igjen på klokka var stillinga 27-27.
Ungarn fekk så ei to-målsleiing på kort tid, før dei la til eit siste mål like før kampslutt. Dermed vann dei kampen 30-27.
– Korleis var dei siste minutta?
– Heilt jævlege. Unnskyld uttrykket, men dei var rett og slett det, seier Ellingsen.

Kan få nytt møte

Etter at OL-billetten var i boks venta det ei lita feiring for Ellingsen og resten av laget.
– Det blir kanskje ein øl eller to.
– Ikkje noko meir?
– Jo, det kan det fort bli, seier Ellingsen og ler.
OL-handballen blir spelt mellom 25. juli og 11. august.
Ellingsen og Ungarn kan få eit nytt møte med Noreg under gruppespelet i Paris. På same nivå som Noreg er Kroatia, som vil seie at dei to laga er sikre på å unngå kvarandre i gruppespelet. Ungarn unngår Tyskland i gruppespelet.
Fått med deg denne?
picture

Måtte ty til legemidler i pausen: – Jeg var helt ferdig

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame