Populære sporter
All sport
Vis alt

Stjernespelarar klar for storturnering

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 09/08/2023 klokken 18:11 GMT+2

Fleire store namn har kvalifisert seg til Ryder Cup i september og oktober.

Viktor Hovland og Rory Mcilroy.

Foto: Getty Images

Rory McIlroy og Jon Rahm har kvalifisert seg til Ryder Cup i slutten av september og starten av oktober.
Det melder turneringa på X, tidlegare Twitter.
Golfspelarane, rangert nummer to og tre i verda, er dei første til å kvalifisere seg til Team Europe. Truleg blir også Viktor Hovland kvalifisert, og skal då spele på lag med McIlroy og Rahm om han deltar.
McIlroy har deltatt i turneringa seks gongar, medan Rahm er tilbake i turneringa for tredje gong.
Ryder Cup er ein matchspel-turnering over tre dagar med ulike spelformatar. I matchspel spelar ein lag mot lag (spelar mot spelar) om kvart enkelt hol. Matchen er over når eit lag eller ein spelar har vunne fleire hol enn det er igjen å spele.
Laga som deltar er Team USA og Team Europa.
Turneringa blir spelt annankvar gong i USA og Europa. I år skal Ryder Cup bli spelt like utanfor Roma i Italia.
Sett denne?
picture

Ellevilt Hovland-slag: Centimeter fra utrolig hole-in-one

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame